Ros til banktilsette som satsar på miljø – Utfordringa går til andre bankar

Dei tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner det er naudsynt å ta omsyn til miljøet og vil sjølve gjere ein klimainnsats. Dei vil både køyre mindre bil, reise mindre med fly, og bruke mindre straum, melder bladet Firda. – Eit flott tiltak med stor signaleffekt, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund. – Med dette har Sparebanken Sogn og Fjordane sendt ei utfordring til andre bankar. Den hansken har vi tru på at dei tar. Fleire bankar har vori i kontakt med oss og bedt om miljøråd tidlegare. Nå har dei fått eit nyttig døme på kva dei kan gjere i praksis.

– Vi tek klimatrusselen på alvor, og ønskjer å framstå som truverdige først og fremst ved å gjere noko sjølve, seier administrerande banksjef Arvid Andenæs til Firda. Miljøvennlege firmabilar, energieffektivisering i banklokala, og meir videokonferansar for å redusere talet på flyreiser er tiltak som skal setjast i gang.

– Det er ingen tvil om at dei tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner alvor, seier Lars Haltbrekken. – Dei har gått inn i ei kontraktfesta avtale med Vestlandsforsking. Det er eit forskningsmiljø vi kjenner godt og har full tillit til. Med slike rådgjevarar har dei tilsette garanti for at tiltaka dei gjennomfører ikkje blir slag i lause lufte, men har positiv miljøeffekt.

Ifølgje Firda skal forskarane kartleggje utsleppa av CO2 og andre farlege klimagassar i fylket. Dei skal òg vurdere kor sårbare næringane er for klimaendringane, og hjelpe banken med å finne fram til løysingar som både næringslivet og klimaet vil tene på.

Direktøren for Vestlandsforsking, Agnes Landstad, slår fast at det står det respekt av at banken rettar søkjelyset mot seg sjølv og vil stå på for å drive banken berekraftig. Ho meiner satsinga kan stå som eit døme for miljøtilpassing i næringslivet ikkje berre i Noreg, men internasjonalt.

Denne satsinga hadde ikkje vori mogleg utan oppslutninga frå dei tilsett. Magnus Vie, som er hovudtillitsvalt i Sparebanken Sogn og Fjordane, stadfestar at dei tilsette i banken er positive til klimasatsinga. Han har sjølv rekna ut at han ved å sykle til jobben, kan spare 25 000 kilometer bilkøyring. Til bladet Firda opplysar Vie at dei har sett ned ei gruppe som skal sjå på kva dei kan gjere både i høve til bank- og jobbsituasjonen og når det gjeld forbruk og private vanar for kvar enkelt.

Sparebanken Sogn og Fjordane har allereie sett opp ti klimabod på internettsida si og er i gong med innsatsen for å bremse klimaendringane.

■ 1. Premiere «sykle til jobben» og andre tiltak blant tilsette som reduserer bilbruken.

■ 2. Energiøkonomisering i alle bygg, og overgang til meir miljøvennlege firmabilar.

■ 3. Meir bruk av video og telefonkonferansar i staden for flyreiser.

■ 4. Fokus på gjenbruk.

■ 5. Årleg klimarekneskap frå banken.

■ 6. Klimaspørsmålet integrert i strategiske planar for banken.

■ 7. Informasjon og kurs om klimaspørsmål for kundar og bransjar.

■ 8. Investere i eit forpliktande samarbeid med Vestlandsforsking.

■ 9. Setje miljøkrav til leverandørane.

■ 10. Delta i klimadebatten i fylket.

(Kilde: Sparebanken Sogn og Fjordane)


Les om klimasatsinga på nettstaden til Sparebanken Sogn og Fjordane

Les Firda sitt oppslag om saka: Sparebanken skal bli miljøven
med 10 nye klimabod


Sparebanken Sogn og Fjordane

Norges Naturvernforbund arbeidar for at næringslivet skal ta omsyn til natur og miljø og sette i verk konkrete tiltak for å miljøtilpasse verksemda si. Er du samd i at dette er viktig? Bli medlem!