Skog og artar
I Sogn og Fjordane har vi mykje variert skog og forskjellege artar som bur i den. Naturvernforbundet Sogn og Fjordane jobbar for at vi skal ta vare på verdifull naturskog. Samtidig ønsker vi å kartlegge artane i den, snakke om skogbruk og diskutere framtida for skogen her i området vårt. Bli med oss!

Artsklubben i Sunnfjord
Er eit samarbeid mellom lokallaget i Sunnfjord og prosjektet Skogglede i Sogn og Fjordane.
Artsklubben i Sunnfjord skal vere eit samlingspunkt for å lære om og registrere artar som ein finn i skogen. Klubben er til for nybyrjarar, erfarne og nysgjerrige.


