Artsklubben i Sunnfjord

Klubb for både nybegynnarar og proffe, der vi lærer nye artar og sørgjer for at funna blir registrerte.
Artsklubben i Sunnfjord er ein møteplass for alle som er nysgjerrige på livet i skogen og artane som lev der, enten du er nybegynnar, erfaren eller berre vil lære meir. Her lærer vi om artar i lag, deler erfaringar og utforskar skogen og livet i den gjennom turar og enkle samlingar. Du treng ikkje forkunnskapar for å vere med; nysgjerrigheit er meir enn nok. Nokre gongar har vi med oss ein ekspert, andre gongar deler vi erfaring med kvarandre.
I artsklubben handlar det om gleda ved å oppdage, stoppe opp og sjå nærare på det som lev rundt oss. Når vi lærer å kjenne igjen både vanlege og meir sjeldne artar, og sørgjer for at dei blir registrerte, bidreg vi til verdifull folkeforsking. Desse funna gir betre kunnskap om naturen og kan brukast til sterkare vern av viktige naturområde. Å registrere artar saman gir både meistring, ro og eit sterkare forhold til nærnaturen.
Bli med på møter og skogvandring:
Kontaktpunkter Artsklubben i Sunnfjord
Artsklubben er eit samarbeid med Naturvernforbundet i Sunnfjord, og aktivitetane strekk seg hovudsakleg utover kommunegrensene i ytre Sogn og Fjordane. Det er ei satsing frå prosjektet Skogglede og hovudfokuset vårt for artar blir dei vi finn i skogen.
Ta kontakt om smått og stort! Alle spørsmål er velkomne:
Prosjektansvarleg i Sogn og Fjordane:
Allette Alværvik
tlf: 94874648
epost: allette.alvarvik@naturvernforbundet.no
Sunnfjord lokallag:
Pablo Pierre Dourojeanni Alvarez
tlf: 41634470
epost: dourojeannipablo@gmail.com
Sponsorar
Artsklubben kjem av prosjektsatsinga Skogglede av Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, og er mogleg takka vere sponsorane våre Skogen- mer enn bare trær og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane


Lær deg artskartlegging heime
Olina Søyland BruVil du lære deg å registrere artar på eiga hand? Ingen problem. Det er mykje informasjon på nettet å følge. Her har vi samla litt som kan hjelpe deg på vegen:

