Skuleturne for Havet: Elevar oppdaga dumpet avfall frå eit gammalt oppdrettsanlegg i Vemmesvika

Under ein Skuleturne for Havet oppdaga 8C elevane frå Vågsøy Ungdomskulen eit forsøpla område i Vemmelsvika.

På vei tilbake frå ei pause i ryddinga kom elevane over det som ein gong hadde vore eit hus. Innafor grunnmuren var det blitt dumpa store menger avfall frå eit gammalt oppdrettsanlegg.  Avfallet bestod av poser av fiskefôr, gamle plastrøry, og bøyer. 

Elevane begynte ivrig å rydde, men det var eit endelaust berg av avfall stabla opp på kvarandre. Særleg plastposane som ein gong inneholdt fiskefôr gikk i oppløysning og blei til stadig mindre og mindre bitar. Elevane fekk verkeleg sjå korleis mikroplast blir til.  Mose og gras hadde lagt seg rundt avfallet og vi innsåg at vi ikkje hadde tid eller krefter nok til å få alt vekk. 

Det var tydeleg at avfallet var dumpet og plassert av nokon. Etter litt undersøking og nokre ringerunde fekk vi avklart at det var eit gammalt oppdrettsselskap som hadde skyld. Det selskapet vart kjøpt opp av Nordfjord Laks etter dumpinga, som tilsynelatande ikkje var klar over avfallet i Vemmelsvika. Vi fekk kontakt med kontorsjefen i Nordfjord Laks og forklarte situasjonen. Dei tok ansvar og leigde inn Vågsøy Kran til å fjerne avfallet. 

Forrige veke fekk vi ei melding om at avfallet var rydda, og no kan vi seie at det er betydeleg mindre plast i Vemmelsvika enn det det har vore på mange år.