Stadlandet som verdsarv

Er Stadlandet med Selje kloster kvalifisert til å kome på Unesco si verdsarvliste ? Dette var spørsmål som stod på dagsorden då Stad Landskap og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane inviterte til konferanse i Ervik i helga. Der ein av innleiarane var Eli Heiberg frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Å kome inn på verdsarvlista er eit svært trangt nåleauge og det er vanskeleg å seie om Stadlandet kvalifiserer til dei krava som blir stilt, sa Eli Heiberg då ho heldt ei føredrag om Unesco si verdsarvliste, sett i lys av kvalitetar som finst på Stad og Selje kloster. Heiberg er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der ho arbeider med arealplanlegging, kystplanlegging og ressursforvalting av naturen. På konferansen på Ytre Stadlandet grendaskule var også medlemmar av Norges Naturvernforbund, der tidlegare leiar Erik Solheim hadde teke turen til Stad. Dei som møtte opp i grendaskulen fekk også med seg litt av det havet ved Stad har å by på. Initiativtakar til denne kvelden, Jan Hammersvik, hadde sjølv sørga for dei nykokte krabbene som blei servert. Dei rundt femti som møtte opp fekk altså med seg kvalitetar ved havet og kystlandskapet både gjennom fleire sansar.

Landskapsvern
I juli i år vart Nærøyfjorden og Geirangerfjorden teke inn i Unesco si verdsarvliste på grunn av dei unike natur og kulturkvalitetane som desse fjordane representerer. Det betyr at Norge no har sju område inne på denne lista, som totalt rommar 812 namn på verdsbasis. Å kome med på denne verdsarvlista gjev status som unikt område sett i eit globalt perspektiv, der både naturen og kulturen er eineståande. For å kome med på ei slik liste trengst det nasjonal satsing der første runde er å få til landskapsvern.

– Å få til landskapsvern på Stadlandet har tidlegare vore prøvd, men gjekk ikkje igjennom på statleg hald. Det som trengst for å lukkast er skikkeleg dokumentasjon om natur- og kulturressursane som finst i området, understreka Heiberg.