Strandryddeseilas med Grøn Integrering!

Måndag 13 juni kunne vi endeleg kaste loss og reiste på det som blei eit fantastisk ryddeseilas.

Saman med oss denne gongen hadde vi sjølvsagt vår trufaste samarbeidspartnar Fjordane Friluftsråd, verdens eldste seglande galease Loyal og gjestane ombord var Grøn Integrering!

Grøn integrering er ein organisasjon som arbeidar med integrering gjennom blant anna urbant landbruk i Nordfjordeid. Dei har fått i gong ein skulehage på Nordfjordeid skule og nyleg hatt opning av Badstuplassen i Nordfjordeid. Slike aktivitetar bidreg til å skape lågterskel sosiale møtestader som er tilgjengeleg og inkluderande for alle, kunnskap blir utveksla og nye vennskap blir skapt gjennom uformelle og tilfeldige samtalar. Samstundes blir dei som deltek meir bevisste på forholdet mellom menneske og natur, får tilgang på kortreist mat og høve til å skape berekraftige miljø i eige lokalsamfunn – kva er det å ikkje like?

Vi i Plastjakten Sogn og Fjordane syns ikkje at dette berre var ein flott tiltak, men ville gjerne bidra på den måten vi kan best. Nemleg invitere til strandrydding og undervisning om havet, livet i havet og marin forsøpling. Då blei det bestemt, vi skulle på seilas!

Tre familiar frå Sudan, Sør Sudan og Afghanistan blei med ombord skuta og beli med på turen frå Måløy til Knuthamn i Kalvåg. Medan vi selga frå fjorden og ut mot havet studerte vi kart, underviste i marin forsøpling, og øvde oss på å knyte knutar. For mange var det fyrste gongen i båt, trass dette blei det to netter på båt. Nokon søv i lugarar med køysenger… og andre i hengekøye.

Tysdagen var den store ryddedagen. Stranda vi reise til hadde allereie blitt rydda, men det blei 5 sekkar fordi. Vi laga bål og grilla pølser, nokon såg ein hoggorm og andre utforska seglar, sjøanemoner og fanga krabber. Vi fekk til og med sol! Tilbake til båten tok fleire fatt i fiskning, og Omar var den heldige som fekk ein stor lyr på korken. Ellers fekk vi også ei sjøstjerne på kroken som viste seg å vere glad i kylling. 

Trass litt regn og vind har vi konkludert med at dette var ein utruleg fin tur saman med ein fantastisk gjeng der ein gjentagelse fristar veldig!

 

Vi takkar Vestland fylkeskommune, Handelens Miljøfond, og Naturvernforbundet for stønaden!