Strupen kraftverk i Gloppen– høyringsfråsegn til Olje- og energidepartementet per 12.2.2012

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går mot å gje konsesjon til ein ny søknad for Strupen kraftverk i Myklebustdalen i Breim. Strupen er kanskje den niande høgste fossen i verda, og ein viktig del av landskapet. Utbygging vil redusere to markerte fossesprutsoner, ein sjeldan naturtype i vårt land. Søknaden oppfyller ikkje vilkåra i naturmangfaldlova.

Vi viser til e-post av 13.12.2011 med melding om ei avgrensa høyring av ny søknad frå Småkraft AS. 

NVE avslo 13.11.2011 den tidlegare søknaden frå Småkraft, og gav i det same vedtaket løyve til ei mindre utbygging, med inntak på kote 410 og kraftstasjon på kote 330.  Naturvernforbundet meiner NVE har argument godt mot inntak på kote 720.  Søkjaren har klaga på avslaget, men i staden for å halde på den opphavelege planen har Småkraft fremja ein ny søknad om løyve til inntak på kote 560 (nokre stader er talet 550).

Fossane og landskapet

Søkjaren avviser opplysningane om at Strupen er den 9. høgste fossen i verda, målt som summen av høgda på alle vassfalla.  Dei meiner dette ikkje er påliteleg dokumentert.  Alle kan ved hjelp av eit enkelt kart finne at den samla høgda av fossane i Strupen er stor.  Det kan ikkje vere tvil om at fossen er høg også i internasjonal samanheng.   Om det ved nærare etterrøkjing skulle vise seg at Strupen fell ein plass eller fleire på lista, endrar ikkje det verdien.   Fossane er likevel eit svært viktig element i landskapet i Myklebustdalen, som i konsekvensutgreiinga er plassert i klasse A, det ypparste i dette landet. 

Den samla høgda på fossane i Strupen er så stor at elva etter alt å dømme er eineståande i vårt land. At elva er ein del av randområdet ved Jostedalsbreen nasjonalpark, er eit tilleggsargument mot planen.  

Ved inntak på kote 410 vil vassføringa bli sterkt redusert i den nedre del av elva.  Men med det utgangspunktet at dei største verdiane i denne saka er knytt til fossane og vegetasjonen rundt dei, er dette eit vesentleg betre alternativ enn inntak høgre oppe.  Det vesentlege av fossestrekninga ligg høgre enn kote 410.  Det same gjeld dei to nedste fosseengene.  Strupen-fossane er, både visuelt og økologisk, ein heilskap.  Dersom elvane renn kvite nedover fjellsida, og så blir borte utan noko naturleg årsak, vert denne heilskapen redusert til resten som er att etter amputasjon.  Det ville vere som å skjere ut ein del av det kjende biletet ”Mona Lisa”.  Det aller meste av biletflata kan vere igjen, registrert med metriske mål.  Men sjølv ein liten skade ville gje grunnlag for den oppfatninga at biletet i seg sjølv er sterkt redusert.   For Strupen vil inntak over kote 410 fjerne nok til at fossane, frå fjellet og nesten til dalbotnen, ikkje lenger er eit intakt naturfenomen og eit viktig element i landskapet.

Naturtypar og artar

Inntak ved kote 560 vil i stor grad fjerne det lokalklimatiske grunnlaget for vegetasjonen på to fossesprutområde.  Den øvste er nesten 12 dekar stor, den nedre (mellom 400 og 430  meter over havet) er mindre.  Begger har i fagrapporten får karakteristikken viktig.  Det er opplyst at dei ikkje inneheld raudlista artar.  Dette standpunktet er sikrare no enn ved den første søknaden, sidan det i mellomtida er gjennomført artsinventering.

I Norsk rødliste for naturtyper2011 står fosseenger og fosseberg i kategorien nær truga.  Fagrapporten opplyser at desse naturtypane truleg dekkjer meir enn 40 km2i landet, men mindre enn 4000 km2.  Dette er eit veldig spenn, som tilseier at den prosentvise nedgangen år for år – om det faktiske arealtapet er kjent – er høgst usikker.  Dermed må risikoen for å bli borte, og dermed katergoriplasseringa, vere noko uklar.

I mange ubyggingssøknader og konsekvensvurderingar er framstillinga prega av at for artar og naturtypar som ikkje står på raudlista, er det ikkje så nøye med om inngrep fjernar dei, eller tek bort vitale delar av det økologiske grunnlaget.  Konsekvensen av ein slik praksis blir lett at fleire artar, som i dag ikkje er spesielt utsette, vil nærme seg ein plass på raudlista i framtida.  Fosseenger og fosseberg står i kategorien ’nær truga’.  Det er all grunn til å føre ein restriktiv praksis mot endringar som kan redusere omfanget av desse naturtypane, for å hindre at dei seinare kjem i kategorien sårbar eller i endå større fare.  

Det overordna målet for all innsats som skal sikre vår biologiske rikdom, er å hindre ei innsnevring av biodiversiteten.  Forvaltningsmålet for naturtypar og økosystem er etter § 4 i naturmangfaldlova at ”mangfoldet av naturtyper ivaretas innenfor deres naturlige utbredelsesområde og med det artsmangfoldet og de økologiske prosessene som kjennetegner den enkelte naturtype”. 

Formuleringa ”innenfor deres naturlige utbredelsesområde” kan vanskeleg ha noko forstandig meining dersom ikkje poenget er å hindre at det naturlege utbreiingsområdet vert snevra inn.  At ein naturtype finst fleire stader, kan ikkje i seg sjølv vere eit argument for å godta at han blir borte på ein eller nokre lokalitetar.  Argumentet for at eit skadeleg inngrep er akseptabelt, må finnast andre stader, til dømes i at samfunnsnytten av tiltaket er stor, ikkje i at også grannevassdraget har fosseenger.  I tilleg er det eit mål at ”økosystemers funksjoner, struktur og produktivitet ivaretas så langt det anses rimelig”.  ’Så langt det anses rimeleg’ må innebere at ei konkret vurdering av nytten ved inngrepet og tapet av ’økosystemers funksjoner, struktur og produktivitet’ skal ligge til grunn for avgjerda i kvart tilfelle.

Både i seg sjølv og som ein del av heilskapen i den særprega fossenaturen i Strupen, representerer fossesprutområda ein kvalitet som er eit viktig argument mot å gje løyve til inntak ved kote 560.  At det ikkje er dokumentert truga einskildartar i denne naturtypen, kan ikkje vere nokon grunn til å skrive ned verdien av dei.  Vi er usamde i at restvassføring kan berge kvalitetane det her er tale om.

Terrenginngrep

Ved inntak på kote 560 er planen å la vatnet gå gjennom fjelltunell over ein strekning på rundt 250 meter nedover frå inntaket.  Opp til påhogget er det tenkt ein delvis ny anleggsveg i den bratte lia.  Det er vanskeleg å tenkje seg anna enn at denne vegen må bli godt synleg lenge.  Vi har ikkje sett noko om kvar søkjarane har tenkt å plassere sprengsteinen frå tunellen.  Ved alternativet med inntak på kote 410 kan tilløpsrøyret ligge i lausmassar heile vegen.  Langs denne traseen er terrenget også mindre bratt, og vi trur at såret vil gro igjen etter kort tid.  Det er stor skilnad på landskapsinngrepet ved dei to alternativa.

Eit tilleggsargument for inntaket på det lågaste nivået, er at det reduserer ikkje villmarskarealet på Myklebustbreen.   Dette er eit argument mot inntak på kote 560, men dei store høgdeskilnadanekan tale for at dette er ikkje det viktigaste poenget.

Interesseavveginga

Økonomisk nytte for grunneigarane og kommunale inntekter er dei vanlege argumenta for mindre, private vasskraftverk.  I tillegg vert det hevda at samfunnet treng meir kraft.

Det siste kan vi vanskeleg sjå noko tyngde i, all den tid Noreg i gjennomsnitt har ein relativt stor, årleg krafteksport.  Vi har heller ikkje sett noko til at meir kraft på nettet har dempa utsleppa av klimagassar til atmosfæren.  Ny kraft går inn i vanleg forbruk, her heime eller i andre land, og vil ikkje vere ein tilgjengeleg reserve den dagen det eventuelt skulle komme tiltak som går ut på å erstatte fossil energi med vasskraft.

Om planen for det mykje større Breim kraftverk (venta produksjon er 98 GWh og byggjekostnaden 336 millionar kroner) seier konsekvensutgreiinga om samfunnsmessige verknader at for næringsliv og sysselsetjing vil effekten vere ”ubetydelig til liten positiv”.  For kommuneøkonomien er konsekvensen ”liten positiv”. 

Den økonomiske nytten av slike kraftverk er etter alt å dømme ekstra inntekter for grunneigarane. 

Dei som eig grunnen, eig òg fallrettane i elvar.  Men ålmenta har etter lovverket legitime interesser i kva som skjer med elvar og vassdrag.  Naturvern og opplevingsverdiar er lovfesta av Stortinget med større styrke over lang tid.  Dette er sentrale omsyn i all naturforvaltning.

Der slike interesser er sterke, lyt den økonomiske nytten vike i større grad enn i saker som gjeld mindre verdfull natur.  Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane gjekk i mot planen med inntak 720 m.o.h.  Vi går òg i mot å gje konsesjon til det nye forslaget, med inntak på kote 560.  Men vi ser ikkje gode nok grunnar til å setje oss i mot det alternativet som NVE har opna for, med inntak på kote 410.  Vi er klar over at dette etter kalkylen er ei relativ dyr utbygging.  I slike tilfelle må regelen likevel vere at dersom det prosjektet som har akseptable konsekvensar for natur og landskap, ikkje er gjennomførleg, så er ikkje elva eigna for kraftverk.

Til dette kjem sumeffektane av kraftverk i mange vassdrag i same kommunen.  I Gloppen er svært mykje elvenatur negativt prega av kraftutbygging.  Dette tilseier ein meir restriktiv praksis ved vurdering av slike søknader.  Etter vår oppfatning er Strupen eit fosselandskap der både eigenart og dimensjon tilseier at ei samfunnsmessig avveging må komme naturen til gode gjennom avslag på den aktuelle søknaden.  Heller ikkje i dette tilfellet er det mogeleg å finne avbøtande tiltak som hjelper. 

Konklusjon

Naturvernforbundet går klart i mot å gje konsesjon til det utbyggingsalternativet som har inntak på kote 560.  Dei innvendingane som NVE har lagt til grunn for avslag på den første søknaden, er i stor grad også gyldige for det nyare alternativet. 

Den samla høgda på fossane i Strupen er så stor at elva etter alt å dømme er eineståande i vårt land. At elva er ein del av randområdet ved Jostedalsbreen nasjonalpark, er eit tilleggsargument mot planen.  

Både i seg sjølv og som ein del av heilskapen i den særprega fossenaturen i Strupen, representerer fossesprutområda ein kvalitet som er eit viktig argument mot å gje løyve til inntak ved kote 560.  At det ikkje er dokumentert truga einskildartar i denne naturtypen, kan ikkje vere nokon grunn til å skrive ned verdien av dei.  Vi er usamde i at restvassføring kan berge kvalitetane det her er tale om.

Med helsing

Torleif Jakobsen                              

Leiar Naturvernforbundet Sogn og Fjordane         

Kopi til:

Gloppen kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune