Thorleif Jakobsen utnemnd til æresmedlem

På årsmøtet 20. mars fekk Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane sitt første æresmedlem: Thorleif Jakobsen. – Vi heidrar ein person med jernvilje og som aldri har mist engasjementet for naturen, sa fylkesleiar Hans Christian Hansen då han overrekte æresmedlemsskapen.

Thorleif Jakobsen bur på Nordfjordeid, og har vore leiar av lokallaget til Naturvernforbundet der i 17 år. Han har også vore leiar i fylkeslaget og medlem av arbeidsutvalet i Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane. Han har elles hatt verv i ei rekke andre organisasjonar. M.a. er han styremedlem i ”Plassens venner” (interesseorganisasjon for bevaring av ekserserplassar på Eid), har vore styremedlem i Sogn og Fjordane Nei til EU, og tillitsvald i Speidarforbundet i fylket.

Jakobsen har også aksjonert mot Frankrike mot utprøving av atombomber, arbeidd aktivt mot kraftlina Ørskog –Fardal og mot nedbygging og utfylling av strandsona på Eid. Jakobsen seier at det gir han mykje å vere medlem i Naturvernforbundet. – I ei tid der kapitalen rår er det viktig å vere ei motvekt til rå kapitalistar, sa han etter å ha takka for æresmedlemsskapen.

Thorleif Jakobsen (t.v.) vart på årsmøtet utnemnd til æresmedlem i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane av styreleiar Hans Christian Hansen.