Topp med sopp i Sogndal!
Ein fantastisk sopphaust er på hell. Naturvernforbundet i Indre Sogn fekk nytta høvet til å halde soppkurs i Sogndal.
Tidleg i september samla ein glad gjeng seg ved Sogndal Kulturhus, nokon med lekker pilfletta kurv og dei fleste med det dei hadde for handa den dagen. Matboksar, handlenett, gamle isboksar og andre remedier skulle fyllast med smakfulle, underlege og kanskje litt skumle soppar.
Med på vandringa ved Røvhaugane hadde me to dyktige lokale soppsakkunnige, Eli Heiberg og Nina Heiberg. Dei gav fyrst ein grundig intro til soppens rike, og viste fram dei forskjellige kategoriane sopp som me kunne slumpa til å treffe på i skogen. Fleire internasjonale studentar frå høgskulen hadde funnet vegen, og Eli tok sprekt på seg jobben som vår lokale «mushroom expert».
Etter litt teori bar det ut i feltet! Alle som ein fann seg opptil fleire snodige soppar, og trafikken gjekk fram og tilbake mellom skogbrynet og dei soppsakkunnige for å få identifisert fangsten.
Nokre timar i skauen gav meirsmak, og fleire av dei oppmøtte ønskja seg eit enno meir omfattande kurs neste haust. Til då får me hygga oss med soppen som fekk verte med heim, og håpa at kantarellen, steinsoppen, piggsoppen, skrubben, røyksoppen, sjampinjongen og sjølv slimmorkelen kjem tilbake neste år. Det gjer i alle fall me i Naturvernforbundet!