Ukas program: På torsdag visast film i Førdehuset, så vert det årsmøte i fylkeslaget på lørdag

FILM OG DEBATTMØTE torsdag 3. mars 2016: filmen «Kampen om fjordane» laga av Hardingfilm. Stad Kino Førdehuset, kl. 18.30 Debattmøte med deltakarar fra aksjoner ved Hardangerfjord, Førdefjord og Alta. Stad Pikant, kl. 20 ÅRSMØTE: Laurdag 5.mars 2016 : Stad; PÅFYLL JØLSTER, Ålhus Kl.13.00 – 16.00

KAMPEN OM FJORDANE

Kino Førde og Pikant torsdag 3. mars

Kl. 18.30 i Førdehuset (inngang kr. 100.-/90.-)

KAMPEN OM FJORDANE – ein film om kjærleik til naturen

Kl. 20.00 på Pikant (gratis inngang)

KAMPEN OM FJORDANE – ein filmsamtale om sivil ulydnad som uttrykk for kjærleik til naturen.

Synnøve Kvamme (22) var viljug til å gå i fengsel for å redde fjella og naturen. Ho lenka seg fast på Hardangervidda i protest mot monstermastene. Synnøve tapte.

David Svardal Nordheim er viljug til å gå i fengsel for å redde fjordane og naturen. Han lenka seg fast på Engebøfjellet i protest mot fjorddeponi. Ein Davids kamp mot Goliat?

Møt regissøren Vigdis Nielsen og begge dei to ungdomane, som meiner at sivil ulydnad er naudsynt i eit demokrati. Møt og ein av veteranane frå Alta-aksjonane.

Arrangør:  Pikant – Kino Førde – Naturvernforbundet Sogn og Fjordane – Natur og Ungdom – Pikant

ÅRSMØTE

Vanlege årsmøtesaker, innmelding av sak til møtet innan 1.mars sendast til Marit Bendz, Rennekleiva 33, 6812 Førde, eller epost til marit@skriftaogveggen.no.

Ellers:
Silje Lundberg om «Dumping av gruveavfall i Førdefjorden, kampen og vegen vidare!».
Maren Esmark om kampanjen «Ta vare på det du har!».

Årsmøtepapir med årsmelding og revidert rekneskap vil bli utdelt på møtet.

Godkjent årsmelding kjem på nettsida etter Årsmøtet. Den finner du under fanen FYLKESLAGET

Vi ynskjer nye og gamle medlemmer vel møtt!