Underskriftskampanje

Signer imot demning av Selsvatnet ved Storehesten (Kvamshesten) i Bygstad.

Underskriftskampanjen blei starta i 2024 og fekk heile 698 signeringar, flesteparten lokalt forankra. Kampanjen starta fordi det kom ein søknad om å få bygge ein 80 meter lang demning ved Selsvatnet, som ligg ved Storehesten i Bygstad. Det var stort engasjement mot utbygginga, kommunen og statsforvaltaren sa nei, og mange lokale sa og tydeleg ifrå om at ei utbygging ikkje var ønska.

I år (2025) har utbyggar fått lov å endre søkanden sin, frå ein 80 meter lang demning til ein 15 meter lang, men det er fortsatt eit inngrep i naturen. Det som er og forblir poenget med underskriftskampanjen er at vi ikkje vil ha utbygginga (uavhenig av størrelsen på den).

Det som står skreve i teksten til underskriftskampanjen er like gjeldande i dag som i fjor (sjølve teksten kan ikkje endrast, men det er kun lengda og høgda på dammen som er endra, og no er det ca.90% utenlandske eigarar som eig selskapet som vil bygge ut!)

La det fritt rennande vatnet og urørte naturen vi har igjen få være der!

Signer om du er imot utbygginga (har du allereie signert treng du ikkje signere på nytt)

Signer imot demning av Selsvatnet ved Storehesten i Bygstad:

Vil du lese deg opp om saka, eller komme med eit eige høyringsfråsegn kan du det på NVE sine sider: Trykk her

Skriv eit høyringsfråsegn før 1. desember

Du kan og sende inn eit høyringsfråsegn til Norges Energi og Vassdirektorat (NVE). Dette treng ikkje vere langt, men kan kort forklare kvifor du er i mot ubygginga og vil at naturen i området skal bevarast. Det hjelper mykje at du bidrar, så ikkje la sjangsen gå frå deg! Korleis du sender inn står på nettsida til saka:

Nettsida finn du her


Høyringsfråsegnet til Forum for Natur og Friluftsliv på vegne av fleire organisasjoner finn du her:

Allette Alværvik
Selsvatnet mot retning Bygstad, du ser delar av Storehesten til venstre på bilete.