Utfordra miljøvernministeren om små kraftverk

Vil miljøvernministeren syte for at vi får betre styring med utbygginga av små kraftverk? spurde leiar Jon Farestveit i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane då naturvernarar frå heile landet møtte miljøvernminister Knut Arild Hareide på Norges Naturvernforbund sitt landsmøte som vart avvikla i Porsgrunn i helga 10.-12. juni.

Representantar frå dei 18 fylkeslaga i Norges Naturvernforbund la fram kvar si utfordring til ministeren. Tema spente frå aukande hyttebygging og motorferdsel i utmark til krav om vern av område for friluftsliv i og rundt byar, satsing på jernbane og sikring av våre strender for folk flest. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane nytta altså høvet til å ta opp den eksplosive auken av små kraftverk.

– Bygging av såkalla små kraftverk med ein effekt på opp til 10 MW går no som ei farsott over heile Vestlandet. Ein får det inntrykket at dei fleste elveeigarar og grunneigarar skal ha sitt kraftverk. Av og til må bygging av slike kraftverk aksepterast, då dei har små skadeverknader og kan gje inntekter til utkantane våre. Men det er mange uheldige sider ved dette. Mange av dei vakre fossane vil forsvinne, og mange biotopar som fossar og stryk er ein del av vert «uttørka», sa Farestveit.

– Registreringar av naturverdiar i samband med søknader om små kraftverk, er gjennomgåande så overflatiske at sjeldne biotopar kan gå tapt utan av nokon veit om det. Fagfolk har peika på at fossekallen kan bli utrydda i område med mange små kraftverk. Dei negative konsekvensane av eit elle få slike verk er ofte ikkje store. Men summen av verknader kan bli svært alvorleg når alle eller dei aller fleste fossane i fleire kommunar ikkje lenger får renne fritt.

– Vi har elles inntrykk av at NVE nærast gjev løyve til små kraftverk automatisk. I Naturvernforbundet, som har uttalerett, har vi ofte ei kjensle av at vi kunne spart oss dette arbeidet. Det ser også ut til at utbyggarane prøver seg i ei gråsone med reguleringar av vatn og overføringar av elvar, og framleis får sitt løyve frå NVE, understreka naturvernleiar Farestveit før han avslutta med denne oppmodinga:

– Vil miljøvernministeren, som ein del av gjennomføringa av EU-direktivet om vassdraga, syte for at vi får betre styring med utbygginga av små kraftverk, slik at tempoet i utbygginga blir mindre og kunnskapen om konsekvensane ved inngrepa blir større?

Kontakt:
Jon Farestveit, tlf. 57 67 17 87 (p), 57 67 62 02 (j)

Les fylkeslagets utfordring til miljøvernministeren