Vær med og engasjer deg i vindkraftsaka!
Her står det korleis du kan engasjere deg for å seie nei til vindkraft på Snøheia og i Høyangerfjella
Oppdatering:
Vindkraftselskapa har trekt planinitiativet for Sunnfjord kommune!
Etter at eit fleirtal i kommunestyret i Sunnfjord kommune har gitt uttrykk for at dei vil seie nei til dei insendte planinnitiativa melder vindkraftselskapa no at dei vil trekke planane for vindkraft i Sunnfjord, men halde fram med planane i Høyanger kommune.
At planane på Sunnfjordsida av kommunegrensa trekkast er ein viktig delseier for naturen i denne saka. Naturvernforbundet, saman med ei rekke andre miljø- og friluftsorganisasjonar meiner at planane bør skrinleggast også for Høyanger.
Vær med og engasjer deg i vindkraftsaka
I 2023 viste eit val i Sunnfjord at lokalbefolkninga ikkje ønskjer vindindustri i vår Vestlandske fjellheim. Vi fekk inn eit kommunestyre med fleirtal mot vindkraft. Høyanger kommune har sagt ja tidlegare i 2024, og gått imot valløftet sitt. Vi oppfordrar til å vise engasjement for å få fram tydeleg at vi ikkje ønsker vindindustri i fjella våre!
Kvifor engasjere seg?
Politikarane er folkevalde av oss og for oss, dei må høyre på oss når vi protesterer. Er det ingen motstand og ingen som viser at dei bryr seg kan politikarane ta avgjersla i fred og ro. Om vi samlar oss og viser engasjement så har dei ikkje anna val enn å ta stilling til det. Saman står vi sterkare og det skal lønne seg å vise at ein bryr seg. Vi her på Vestlandet er svært glad i naturen vår og fjellheimane våre, utan desse intakte gode plassane å søke tilfreds og ro blir Vestlandet ugjenkjennleg.
Dei nye reglane i plan- og bygningsloven og energiloven for vindkraft på land gir kommunen mykje makt til å være med på avgjersler i vindkraftsaker. Dei har derfor også mykje makt til å seie nei. Då må utbyggjarane akseptere eit nei og stoppa planlegginga si. Ikkje la deg lure av påstanden om eit forsiktig ja til planlegging kan føre til eit nei seinare. Vi treng sterke politikara som seier nei klart og tydeleg før det har gått for langt. Vi vil ha politikara som beskyttar naturen og fjella våre!