Vårryddedagen i Førde

Laurdag 19 mars arrangerar Plastjakten Sogn og Fjordane ryddeaksjon i Førde sentrum

Vi arrangerar vårryddedag 19 mars i Førde sentrum! 

Kvifor i sentrum? 

Jo, masse av plasten vi finne i havet kjem frå innlandet. Plastflaska, kvikklunsj-papiret eller plastposen du mista på toppen av Viefjellet førast ned i elver via bekker, flommer og vind. Og elva tek det vidare til havet. 

I Sunnfjord har vi mange vassdrag å ta vare på, og i Førde finne vi Angedalselva og Jølster som går rett ut i den vakre Førdefjorden.

I og langs elva kan plasten kile seg fast under steinar eller blir hengande i ei busk og sakte med sikker slitast ned til mindre og mindre bitar. Men plasten kan også bli ført med vidare til havet. 

Når plasten først kjem til havet er det vanskeleg å få tak i den igjen. Omlag 70% av all plast som hamnar i havet synk til botnen og det er umogeleg for oss å hente den opp. 

Derfor er det så utruleg viktig å forhindre at plast endar i elva og i havet, vi må rydde før det skjer! 

Så bli med då vel! Oppmøte kl 12:00. Hanskar og sekkar blir delt ut.  

Det er også mogleg å vinne premier! 

Kvar sekk du rydder blir til eit lodd når du registerer det på https://reg.kystlotteriet.no/ Då blir du med i kystlotteriet sin årlege trekning av premier OG rydder du i mars og april kan du vinne premier i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Fjordane Friluftsråd si regionale trekning! 

Hovudpremien er eit gåvekort på 3000 kr frå https://www.fjordtours.com