Velkomen til vårt store arrangement: 1.juni i Vevring kl 12.00: «Framtid for Fjorden?»
Alle vert invitert til; Sjømat, seminar og Førdefjord-debatt. Det vert hovedappell ved Johs B Thue, og kunstnerisk medverknad ved Magne Furuholmen, Thea Hjelmeland, Oddvar Torsheim, Fridtjov Urdal, Børge Bjartmann Bjerck Jens Toyberg ( svensk lydkunstnar) med fleire. Vi ynskjer å sikre oss at partikandidatane er kjende med dei store miljøkonsekvensar og samfunnskostnadane ved evt mineralutvinning…
Vevring og Førdefjorden Mjøgruppe, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom inviterer til vårt store arrangement i forkant av stortingsvalet.
Program: «Framtid for fjorden?»
Politikarane kjem sjøvegen til stor mottaking på kaia:
Kl 12.00 ”Fjordfiskarens festbord”. Smak sjømatrettar, ausa frå Førdefjorden.
Apellar: Johs B Thue, skribent, professor i historie. Natur og Ungdom Kultur: Magne Furuholmen; musikk til lydhornet Decibel. Thea Hjelmeland: ”My fjord” Oddvar Torsheim: ”La fjorden leve”-nett. Kunstutstillingar m.m.
Kl 13.00 Fagseminar: Miljø og samfunnsøkonomisk perspektiv på Engebøsaka og utslepp av gruveavfall i fjorden.
V/ Maren Esmark , generalsekretær i Naturvernforbundet
• Gruvenæring – mineraleventyr eller naturrasering?
Bergindustrien si rolle i berekraftig framtid.
v/ Elisabeth Gammelsæter, generalsekretær i Norsk Bergindustri
• Kva tåler ein fjord? Om økosystemet i Førdefjorden, inkl spekkhoggarane.
V/ Jan Helge Fosså, havforskar ved Havforskingsinstituttet
• Viser Nordic Mining sitt rutilprosjekt samfunnsøkonomisk lønsemd?
V/ Finn Førsund, professor i samfunnsøkonomi UIO
• Eksistens og sameksistens; Byggjer minerala samfunn?
V/ Kjerstin Uhre, arkitekt, PhD stipendiat avd for urbanismestudier, Arkitekthøyskolen Oslo
• Norge, fremste sjømatnasjon i verda; kan gruveutslepp og fiskeri gå i lag?
V / Jan Henrik Sandberg, Norges Fiskarlag
Kl 16.00- 18.00 Førdefjorddebatten. Politikarpanel; Skal gruveindustrien få bruke fjordane som avfallsplass for gruveavfall?
Kl 19.00 Festkveld: Visjonar. Mat, drikke, dikt og musikk.