Velkommen til naturvernhelg!

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane inviterer til naturvernhelg med fest og årsmøte på Skei i Jølster, frå fredag 16. til laurdag 17. april.

Fredag 16. april kl. 19.00 festleg 90-årslag i stove på garden til Johannes Kjøsnes og Jorunn Kleppe på Kjøsnes ved Jølstravatnet. Underhaldning av lokale musikkrefter. Helsing frå Kjøsnes ved Johannes Kjøsnes. Servering av rømmegraut og spekemat frå Jølster. Tale av Erik Solheim, leiar i NNV. Kaffi/ te og kakemat. Utdeling av Naturvernprisen 2003. Song og sosialt samvær.

Laurdag 17. april kl. 10.30. Årsmøte i lokale hjå Sparebanken Sogn og Fjordane, ved Esso-stasjonen på Skei. Vanlege årsmøtesaker. Etter årsmøte kl. 14.00 vert det synfaring i Lundeskaret, eller dersom mykje snø i fjellet, går turen til Søgnesand. Alvar Melvær vert med og syner noko av omfanget av ei kraftutbygging i området.