Vil ha ny kraftlinepolitikk – Naturvernforbundet utfordra finansministeren

På landsmøtet til Norges Naturvernforbund utfordra fylkeslaget finansminister Kristin Halvorsen til å nytte sjøkabling av kraftlina frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre som eit første steg på vegen mot ein ny kraftlinepolitikk. Jon Farestveit frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Øystein Folden frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal omkransa ministeren med ei heimelaga kraftline.

– Kraftleidinger er ikkje pynt i landskapet, slik ein ingeniør hevda ein gong. Kraftleidninger gjennom lufta er best eigna til å binde gamaldagse politikarar med, sa dei to medan dei la den symbolske leidningen rundt ministeren.

Saka naturvernarane tok opp gjeld Statnett sine planar om ei 300 km naturøydeleggjande kraftline mellom Sogn og Sunmøre. Naturvernforbundet meiner kostnaden av miljøøydelegginga for folk og natur må verdsetjast mykje høgare.

– Forureinar må betale, meiner Naturvernforbundet. Vi treng ein ny politikk der kraftleidningane må i kabel mange fleire stader, sa Øystein Folden og Jon Farestveit.

– Eg har eit sterkt engasjement, og eit klårt innspel frå landsmøtet i SV med meg når vi arbeider vidare med denne saka i regjeringa, sa Halvorsen, som ikkje ville lekke frå det interne arbeidet i regjeringa.

Også leiar Lars Haltbrekken brukte mykje tid på kraftlinesaker i sin tale til landsmøtet. Han viste til at dei løysingane som blir nytta i dag var omstridde alt på 1940-talet, og han etterlyste nye løysingar i ei ny tid. Kraftlinesaker er årsak til store konflikter fleire stader rundt i landet.

Les heile utfordringa som Kristin Halvorsen fekk overlevert

Sjå fleire bilde her (Kan ta tid å laste ned)

På landsmøtet presenterte Kristin Halvorsen presenterte eit forslag til ein nasjonal strategi for berekraftig utvikling. Klikk her for å sjå foiler!

Klikk her for å sjå korleis du blir medlem eller på annan måte kan støtte arbeidet Naturvernforbundet gjer for å ta vare på naturen

Jon Farestveit leder i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og finansminister Kristin Halvorsen med ei heimelaga kraftleidning.

Delegasjonen fra Sogn og Fjordane. Fra venstre Jon Farestveit, Erik Solheim, Astrid Kalstveit og Marit Wøyen Nes.