Vil ha omstridt kraftline i kabel

Protestane er massive mot den store kraftlina som Statnett har planlagt frå Sogn til Møre. – Om planen kjem frå papiret til terrenget, vert den 300 kilometer lange luftlina frå Fardal til Ørskog det største naturinngrepet i Sogn og Fjordane nokon gong, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund.

– Lina vil etter Statnett sin plan gå gjennom landskap som er eineståande i verda, krysse fleire verna vassdrag og andre verna eller inngrepsfrie område. Dei kjende og negative konsekvensane for liv og landskap vert enorme, seier Haltbrekken vidare.

– Planen er djupt urettferdig, for denne lina skal først og fremst føre kraft til industri som ligg langt vekke frå inngrepet, mellom anna gassterminalen Ormen Lange. Dei som får nytte av lina, er heilt andre enn dei som får alle ulempene av det enorme naturinngrepet. Mange må betale dyrt for eit evig tap, men ikkje dei som gjer inngrepet. Det må ikkje skje, understrekar Haltbrekken og målber med det samstundes synet til heile organisasjonen sin.

Landsmøtet i Norges Naturvernforbund drøfta denne saka i byrjinga av månaden. Det var full semje på møtet om å avvise haldninga til Statnett, som meiner at det er for dyrt å legge lina som sjøkabel i staden for over land. Då ser Statnett fullstendig vekk frå alle miljøkostnader.

– Statnett samanliknar berre investeringane i eit alternativ utan kjende miljøkostnader i det heile, dvs. sjøkabel, med ein billegare luftleidning som har enorme miljøkostnader for all framtid. Store naturinngrep og verditap for mange titusen menneske som bur langs traseen, er ikkje med i kalkylen. Ein rettsstat kan ikkje ta seg til rette gjennom direkte overgrep mot uskuldige partar, heiter det i ei uttale som landsmøtet slutta einstemmig opp om og vedtok å sende til olje- og energiministeren og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

420 kV luftline Ørskog – Fardal: Dette er saka (med fleire bilete og lenkjer)

Les heile landsmøteuttalen om meir kabling av kraftliner (brev til Olje- og energiministeren og Norges vassdrags- og energidirektorat)

Tidlegare, relaterte sak:
Sterk motstand mot plan for 300 kilometer naturøydeleggjande kraftline (med lenkjer til fleire saker)
Kraftlinja må i kabel! (frå folkemøte om planen)

Temaside: Energi og klima

Ja, dette er ei viktig sak! Eg vil gjerne lese meir om korleis eg kan bli medlem eller støtte Norges Naturvernforbund sitt arbeid på annan måte!

Fylgj natur- og miljøvernsakene – få nyhende samla på e-post ein gong i veka frå Norges Naturvernforbund