Årsmøtereferat 2014
Beklageligvis har ikke årsmøtereferatet av 31.mars 2014 blitt lagt inn på vår nettside. Den følger her nå.
Referat frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Valdres 31. 3. 2014
Sak 1. Val av møteleiar, refernt og protokollunderskrivarar
Ole Morten Fossli vart vald til møteleiar, Gunvor Hegge referent og Anne Mari Helle og Jan Paulsen vart valde til å skrive under protokollen.
Sak 2. Godkjenninga va innkalling, dagsorden og innkomne saker
I vedtektene til Naturvernforbundet §13.9. står det: ”Årsmøtet er lokallagets høyeste myndighet. Det avholdes hvert år innen utløpet av mars måned og alltid slik at fristene for innsending av saker til fylkeslagenes årsmøte kan overholdes” og ”Innkalling må være medlemmene i hende senest to uker før årsmøtet.”
Det er ikkje komne inn saker som skal takast opp på årsmøtet, så sak 7 går difor ut.
Samrøystes godkjent.
Sak 3. Årsmelding
Forslag til vedtak: Den framlagde årsmeldinga blir godkjent.
Samrøystes vedteke.
Sak 4. Forslag til arbeidsplan
Forslag til vedtak: Forslag til vedtak: Den framlagde arbeidsplana blir godkjent.
Samrøystes vedteke.
Sak 5. Rekneskap og budsjett
Rekneskapen er revidert og funnen i orden. Det kom fram spørsmål om ikkje hyttefolk kunne vera medlemer i lokallag der dei har hytte, slik at lokallaget kunne få noko inntekt i form av medlemskontingent. Styret forfølgjer denne saka.
Forslag til vedtak: Rekneskap og budsjett blir godkjent.
Samrøystes vedteke.
Sak 6. Val
2 styremedlemer og 2 varapersonar pluss leiar skulle veljast på møtet. Valnemnda la fram slikt forslag:
Leiar: Fred Kuyper, vald for 1 år
Styremedlem: Ole Morten Fossli, for 2 år
Styremedlem: Aleksander Østbye, for 2 år
Varamedlem: Ellen Bakken, for 2 år
Varamedlem: Bjørn Vagstein, for 1 år
Styret får då denne samansetjinga i 2014:
Leiar: Fred Kuyper, vald for 1 år
Sekretær: Gunnar Heiene, sit 1 år til
Kasserar: Gunvor Hegge, sit 1 år til
Styremedlem: Ole Morten Fossli, vald for 2 år
Styremedlem: Aleksander Østbye, vald for 2 år
Varamedelm: Ellen Bakken, vald for 2 år
Varamedlem: Bjørn Vagstein, vald for 1 år
Val av utsendingar til fylkesårsmøtet 25. – 26. april :
Forslag: Leiaren Fred Kuyper og Bjørn Vagstein
Samrøystes vedteke.
Leira, 31.3.2014
Gunvor Hegge Anne Mari Helle Jan Paulsen
referent