Bålmøte om sirkulær økonomi
Odd Arne Rudi inviterer til et møte hjemme hos seg med sirkulær økonomi som tema
«Kjært barn har mange namn.
No i dag likar mange å kalla det sirkulærøkonomi, som eit moderne begrep. Men det er berre det same som har eksistert til alle tider; oppattbruk, gjenbruk, ombruk. Det går ut på det same.
Å bruke opp att det me allereie har, som allereie er produsert, som ikkje krev energi og innsats for å bli laga, det er det me kallar sirkulærøkonomi i dag.
Odd Arne Rudi bur i sirkulærøkonomi.
I alle år har han vore oppteken av å ta vare på ting, bruke opp att ting, verne om det som allereie er skapt. Mange vil meine at han dreg det vel langt.
Dei siste vel 20 åra har han budd i gamle hus som det nødvendigvis har budd folk i før, men det som er litt spesielt med desse husa er at dei også har flytta på seg, i likheit med folka.
Odd Arne samlar på hus, og ting som høver til desse gamle husa. Til no er det mellom 15 og 20 hus flytta hit til dette tunet, hus som i mange tilfelle nok ikkje hadde eksistert lenger. Kanskje er ikkje alle ferdige i alt og eit, men dei kan bli det..
Alt av materialar, det vera seg golv, panel, takskifer og vindauge vert teke vare på og brukt opp att. Ja, til og med gamal spikar kjem til nytte att.»
Det blir bål i bålpanne med moglegheit for grilling. Ta gjerne med litt mat og drikke. Vi ordner kaffe og kaker.
Det kan bli kaldt utover kvelden så ta med godt med klede og kanskje eit pledd.
Stad: Svinlibrøta, Bygdinvegen 1830, 2943 Rogne
Tid: 9.august kl 18.00