Skogvandring
Tømmer i skogen blir materialar til huset.
Program torsdag
Kl. 9.00: Me møtes ved gamle meieriet i Øystre Slidre, på andre sida av vegen av Coop Heggenes.
Kl. 9.30: Kaffi ved bålet i skogen, presentasjonsrunde.
Kl. 9.30: Kva ser me i skogen, med tanke på kvalitetsvirke, særleg i samanheng med restaurering. Skogvandring hjå Torger Hegge med tradisjonshandverkar Håvar Aabol og far til dagens skogeigar, Karl Laberg.
Kl. 11.00: Lønsj ved bålet i skogen (ta med mat, det vert servert kaffi).
Kl.12.00: Felling av tre på gamlemåten, med øks, svans og motorsag. Teljing og kløyving av tømmer med Håvar Aabol.
Kl. 16.00: Slutt
Kl. 18.00: På Valdres Folkemuseum, foredrag med forfattar og naturvernar Gjermund Andersen: » Nytt skogbruk! Hvordan skape godt trevirke samtidig som vi hensyntar skogens øvrige nytteverdier?» Det vert servert kaffi og litt å bite i.
Kl. 20.00: Slutt
Program fredag
Kl. 9.00: Oppmøte ved Leine i Vang. Skogvandring hjå Tanaquil Enzensberger med Steinar Moldal og Tanaquil.
Kl. 11.00: Lønsj ved bålet i skogen (ta med mat, det vert servert kaffi).
Kl. 12.00: Skogvandring med Steinar Moldal. Skimakar Thomas Aslaksby er også med oss denne dagen, og han vil visa oss ymse teknikkar som vil utvida bruken me kan ha av virke i skogen.
Kl. 16.00: Slutt
I løpet av kurset ser me på variasjonane i ein skog i Øystre Slidre og eit skogsområde lang vest i Valdres, i Vang.
På båe plassane kan me venta oss å finna seinvokse virke av god kvalitet. Men kva finn me kvar?
Kva kan me lesa av treet når det står på rot, kva type materialar kan me få av desse ranke flotte gran- og furu-stammane. Og kva kan den krokete furua nyttast til? Og kva kan lauvtre brukast til, anna enn til ved? Å bygge av? Sikkert er det ivertfall at slike har vore til god nytte i det daglege i eldre tider.
Når på året skal hogst skje, og kor gamalt bør treet vera? Kva er god materialkvalitet?
Pris: kr. 2.500, –
For medlemmar i Fortidsminneforeningen, dei med årskort for Valdresmusea, og medlemmar i Naturvernforbundet kostar det kr 2.100, -.
Betalast inn på konto 2070 05 01524 ved påmelding, fristen er 15.september.
Merk «Skogsamling»
Om bidragsytarane;
Håvar Aabol har ein mangfaldig bakgrunn innan bygningsvern og tradisjonshandverk. Han har god kunnskap og brei erfaring innan tre og materialforståing. Samstundes med at han er utøvande handverkar og kan dette med å handtera handverktøy.
Han har vore faglærar på Fagskolen Innlandet, og er no knytt til bygningsvernstudiet ved NTNU.
Karl Laberg er tidlegaregardbrukar og skogeigar. Den tida var det i skogen han treivst best, og framleis der han trives godt. Han har lang og god erfaring med skogsarbeid, og meiner at trea skal fellast med motorsag, og ikkje med hogstmaskin. Slik skjøttar ein skogen best, og er meir skånsam i møte med naturen.
Gjermund Andersen er dagleg leiar i Naturvernforbundet sitt skogutvalg, skogbrukar og forfattar. Han har skrive ei lang rekkje artiklar og fleire bøker om skogbruk og naturvern.
No sist med boka «Nytt skogbruk!».
Om denne boka kan me lesa;
«Skal vi bare fortsette som før? Lønnsomheten i skogbruket blir stadig svakere. Samfunnsbidraget fra skogbruket blir stadig mindre. Kvaliteten på trevirket fra skogen blir stadig dårligere. Vi utnytter ikke skogens klimapotensial. Skogbrukets påvirkning av naturen blir stadig mer brutal. Skal vi likevel bare øke hogstflatestørrelsen og minske hensynene til omverdenen – i et siste desperate forsøk på å opprettholde fordums storhet og inntekt? Og hvor lenge går det, før vi i ærlighetens navn må be kommende generasjoner om unnskyldning? Eller skal vi ta grep? Tenke helt nytt og drive et annerledes skogbruk? Et skogbruk som både er lønnsomt, samfunnsansvarlig og bærekraftig? Det er dette «Nytt skogbruk!» handler om: Nødvendigheten av et kursskifte for norsk skogbruk.»
Tanaquil Enzensberger er biolog, forfattar og vegetasjonsrådgjevar. Ho har særs god greie på det biologiske mangfaldet rundt oss, og er stadig på leit etter gamalskog og artane der. I sitt virke held ho på med vegetasjonsrådgjeving og vegetasjonskartlegging.
Steinar Moldal er formidlar, forfattar og handverkar. Hanhar vandra rundt i skogane i Noreg på leit etter dei beste emna i årtier. Like lenge har han brukt desse emna, som den handverkaren han er, og som lærar. Han er ein av eldsjelene på Hjerleid Handverksskole. Saman med andre har han gjort Hjerleid kjend i heile landet, og endå vidare.
Thomas Aslaksby er småbrukar og mangesyslar. Han er kanskje mest kjend som skimakar, men er også utøvande i mange andre tradisjonshandverk. Han reiser vide omkring på leit etter den opphavelege treskia, og har henta, og gjeve, inspirasjon til likesinna så langt unna som Kina.
Arrangør er Valdresmusea as, støtta av Verne- Vøla, Fortidsminneforeningen sitt lokal-lag i Valdres, og Valdres Naturvernforbund