Flere setre uten beitende dyr

Oppland er det største seterfylket i landet, og den tradisjonelle seterdrifta med mjølkeproduksjon står sterkt i Gausdal og i Valdres. Talet på seterbrukarar har likevel gått jamt og trutt nedover i svært lang tid. Dette skjer parallelt med at det blir stadig færre mjølkeprodusentar. På tolv år har halvparten av mjølkeprodusentane i Oppland blitt borte. Seterdrifta er ein sentral del av kulturarven, og beitande dyr og liv på setrene er ein viktig «miljøskapar» i fjellheimen.

I fjor var nedgangen i aktiv seterdrift i Oppland større enn han har vore i nokon av åra etter tusenårsskiftet. Denne statistikken bygger på kor mange bønder som årleg søker tilskott til seterdrift med mjølkeproduksjon.

I 2013 var det 347 enkeltsetrer med mjølkeproduksjon, mot 385 setrer i 2012. Det er ein nedgang på ca. 10 %, medan årleg nedgang i perioden 2005-2012 har lege mellom 1 og 7 %. Nedgangen i fjor kan ikkje forklarast berre med færre mjølkeprodusentar, sidan nedgangen blant desse var på «berre» 4,5 %. I dei tre største seterkommunane er talet på mjølkeprodusentar redusert med åtte frå 2012 til 2013 (Øystre og Vestre Slidre, Nord-Aurdal), medan det vart søkt tilskott for 18 færre setrer med mjølkeproduksjon enn i 2012 i dei same kommunane.

Redusert seterdrift speglar at det blir stadig færre bruk med mjølkeproduksjon. Det normale har likevel vore at det er få av gardbrukarane som gir seg med seterdrift så lenge dei har mjølkekyr. Søknadstala kan tyde på ein motsett trend, der ein del bønder avviklar seterdrifta sjølv om dei held fram som mjølkeprodusentar. Fylkesmannen har bede kommunar med spesielt stor nedgang melde frå om dei ser spesielle tilhøve som ligg bak den sterke nedgangen. Så langt viser tilbakemeldingane at det kan vera enkelte seterbrukarar som ikkje har søkt tilskott sjølv om dei faktisk har vore på setra.

I 1995, som er det fyrste året vi har tilskottsstatistikk for, var det 755 enkeltsetrer med mjølkeproduksjon i Oppland. Dette talet var altså nesten halvert i 2012. Alt tyder på at rasjonalisering av bruksstrukturen vil halde fram i åra som kjem, med dei følgjane det vil ha for seterdrifta.

Talet på fellessetrer har og gått ned i seinare år, men låg i 2013 på same nivå som året før, 29 setrer.

(Kilde: Fylkesmannen i Oppland)