Grønt håp

Frå økosorg til økohåp

Den tredje temakvelden om grønt håp hadde tittelen Frå økosorg til økohåp. Leif Gunnar Engedal, professor i sjelesorg og religionspsykologi ved Menighetsfakultetet og rettleiar ved Modum Bad gjennom mange år, innleidde om temaet.

Vi er i ei omveltingstid. Den store samanhengen er under ein stor trussel, og for mange er dette som ei tung bør som går på helsa og livet laust. Dei siste 5 -10 åra har Engedal møtt menneske som kjenner stor sorg for den smerta som Moder Jord no lever med, og det er noko nytt. Naturen er ikkje verdsett på ein slik måte at ein syrgjer når han går tapt. Dette er ei einsam sorg utan kollektive riter som ein har tradisjon for, og for oss som har levd ei stund, også bunde saman med ei skuldkjensle over å vera delaktige i krisa  ved å vera borgarar i eit samfunn som bidreg til krisa. Undersøkingar og forsking viser at ein stor del av den yngre generasjon er redde for framtida, og i ei undersøking av 10000 unge frå ulike land svarar så mange som 4 av 10 spurde i Europa  at dei ikkje ynskjer å setja barn til verda.

Korleis skal vi møte denne økosorga? Det er viktig å respektere og anerkjenne kjenslene hjå personar som slit. Prøve å forstå, lytte, ta seg god tid. Å sjå etter mulegheiter, finne det som gjev meining. Åleine er børa tung. Etter kvart er kome i gang samtalegrupper der økosorg er tema.

Vi må innsjå at vi er på veg inn i ein ny tid der vi kollektivt må tenkje annleis. Vi må vise at vi kan greie oss med mindre og glede oss over dei nære ting. Kunst , kultur, litteratur, og ikkje minst opne sinn og sansar for rikdommen i naturen. Kortreiste gleder som berikar det å vera menneske. Engedal prata også om gleda ved forsaking og utsetjing av behovstilfredsstilling.

Det skjer også positive endringar «der ute». Gode nyheiter er viktig å få fram for at vi ikkje skal bli apatiske og miste alt håp, utan at det blir ei sovepute for at vi held fram som før.

Ref. Gunvor Hegge