«Grønt håp»

«Hvor ble det av vinteren? Eller: Om håp i en klimakrisetid».

Onsdag 16. februar møtte rundt 20 personar opp til ny temakveld i Hegge kyrkjestogo. Denne kvelden kom Øyvind Wistrøm og held foredrag under tittelen: «Hvor ble det av vinteren? Eller: Om håp i en klimakrisetid».

Wistrøm er utdanna marinbiolog, og har ein allsidig bakgrunn innan økologi og miljøfag.  I 1973 arbeidde han på fritidssektoren på Beitostølen Helsesportsenter, han har vore engasjert i FN med flyktningehjelp og rehabilitering mellom anna i Ukraina frå 2014, og dei seinare år har han undervist på lærarutdanninga på Universitetet Sørøst-Norge. No er han nestleiar og svært aktiv i BKA, Besteforeldrenes klimaaksjon.

Fyrste delen av foredraget tok oss gjennom kva som er naturlege klimaendringar. Temperatur og CO2-konsentrasjon har svinga gjennom alle tider. Temperaturen og CO2—konsentrasjonen var til dømes svært mykje høgre i den tida dinosaurane levde enn det er i dag, men den menneskelege kroppen vi har i dag ville ikkje overlevd i det klimaet.

Faktorane i dei naturlege klimaendringane har ikkje vi menneske herredøme over. Vindsystem og havstraumar som oppstår på grunn av jordrotasjonen, vulkanutbrot, jordskjelv  og drivhuseffekt virkar inn. Korleis jordkloden er plassert i forhold til sola endrar seg også over tid. Samanhengane er komplekse.

Fram til den industrielle revolusjonen var svingingane ganske konstante innan yttergrensene. Men så plutseleg (i dette tidsperspektivet)  aukar CO2-konsentrasjon og temperatur kraftig og mykje raskare enn den naturlege sirkulasjonen. Og det er tempoet i denne auken som er problemet. Årsaka er brenning av olje, kol og gass. Karbonutslepp, CO2-konsentrasjon og temperatur fylgjer kvarandre, og forskninga meinar det er 95% sikkert at menneskeleg påvirkning har bidrege til meir enn halvparten av auken.

Er det håp om at vi kan greie å snu noko på denne utviklinga? Ja, meinar mange, men vi har dårleg tid! Den kjende aktivisten Greta Tunberg skal ha uttala: «Når vi startar å handle, er det håp overalt. I staden for å leite etter håp, leit etter handling. Då vil håpet koma.» Så lenge klimakrisa er menneskeskapt, kan mennesket også gjera noko med det. Er vi mange nok som gjer litt, vil summen bli stor. Engasjement gjennom deltaking i organisasjonar som arbeider målretta, demonstrasjonar, kurs, koma med uttaler, drive politisk lobbyverksemd passar for nokon, etterisolere hus, bruke alternative energikjelder, kompostere og dyrke kortreist mat kan vera aktuelt for andre. Og vi kan alle handle på det personlege planet ved å minke på forbruket, reise mindre, minske matsvinn.

Mange barn og unge er svært bekymra for framtida. Korleis skal vi gje dei håp? Viktig at dei blir kjende i naturen, at vi lærer dei å bli observante og at vi pratar med dei og diskuterer utfordringane. Kunnskap minskar frykt. Her vil besteforeldregenerasjonen og deira arbeid  gjennom BKA vera eit godt bidrag.

Til slutt anbefalte Wistrøm nokre bøker der referenten merka seg spesielt ei:

Brita Helleborg: Klimaglede – en håndbok i å leve miljøvennlig.

Referent: Gunvor Hegge