NRK-funn om naturen: – Kan vise brot på Grunnlova

NRK avslørte 44.000 inngrep i naturen. Styresmaktene manglar oversikt. Begge delar kan vera brot på Grunnlova, ifølgje Noregs institusjon for menneskerettar.

I byrjinga av januar viste NRK for første gong korleis vi nordmenn behandlar naturen. Ved hjelp av kunstig intelligens og satellittbilete fann vi:

  • 44.000 inngrep i naturen på fem år
  • 79 kvadratmeter tapt natur i minuttet
  • Sjølv i dei spesielt verdifulle områda, som myrer og villreinområde, forsvinn minst to fotballbanar med natur om dagen

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) reagerte på funna.

– Styresmaktene er lovpålagt etter grunnlova og har ei plikt til å sikre naturen på ein allsidig og langsiktig måte. For å lykkast med det treng vi ei samla oversikt over nedbygging av natur, men det har vi ikkje hatt, seier Adele Matheson Mestad, direktør i NIM.

Funna til NRK møter to problem i Grunnlova, ifølgje direktøren. Den aktuelle paragrafen står i menneskerettskapittelet av Grunnlova, derfor uttaler NIM seg i saka.

Kommande generasjonar

Å ha eit leveleg miljø der mangfald blir bevart er ein menneskerett nedfelt i paragraf 112 i Grunnlova.

Mestad seier at retten til å ha eit leveleg miljø gjeld ikkje berre dei som lever i dag, men også for kommande generasjonar.

Styresmaktene har ei plikt til å sikre dette, seier Mestad.

– Når ein no ser den vedvarande og dramatiske nedbygginga av naturen, trass i alvorlege rapportar frå Riksrevisjonen, er spørsmålet om denne plikta blir heldt, seier Mestad til NRK.

– For det andre har borgarane rett til miljøinformasjon. Då må styresmaktene ha ei oversikt over naturen som kan sikre borgarane sin rett. Det er også eit demokratisk poeng, seier Mestad til NRK.

For hele teksten se: NRK-funn om naturen: – Kan vise brot på Grunnlova – NRK Dokumentar