Naturvernforbundet reagerer sterkt på at Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil gje løyve til å nytte gift for å kontrollere uønska artar i eit naturreservat.
Norges vassdrags - og energidirektorat (NVE) har lagt ut søknad fra HydroPlan AS om bygging av Indre Bogge kraftverk til offentlig ettersyn. Naturvernforbundet har i fråsegna si ikkje vesentlege innvendingar til omsøkte tiltak viss ein sløyfer overføring av Sandvikelva, men meiner det må setjast krav om ei høgare minstevassføring enn det som er omsøkt..
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Eit fylke som har vedtatt ein klimaplan, men som ikkje bruker han i si eiga fylkesplanlegging for samferdsel, det fylket kjem aldri i mål med ein klimaplan - då blir det som så mange gonger før med miljøbiten - han er framme i festtaler og elles ligg han i skuffen. Naturvernforbundet er skuffa over temaplanen "Ferjefri E39 i Møre og Romsdal".
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag klager på Rovviltnemda i region 6 sitt vedtak om gaupekvote 2011.
Det er utfordringar knytt til utviklinga i landbruket. Desse utfordringane vil også ha noko å seie både for naturmiljøet, og som ei sak i Todalen viser, også for bumiljøet i distrikta.
Nesset kommune har eit framlegg til energi- og klimaplan ute på høyring no i førjulstida. Naturvernforbundet har gått gjennom planforslaget, og kjem med ei rekke forslag til tilleggstiltak.
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Styremedlem i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn, Geir Ole Sætremyr, har sendt spørsmål til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal var med på eit møte om såkalla konseptvalutgreiing (KVU) for strekninga Bergsøya - Liabø på E39. Rapporten frå møtet ligg no føre, og Naturvernforbundet opplever denne som ei argumentsamling for å auke klimagassutsleppa på Nordmøre, utan tanke for verda vi lever i.