Folgefonna gjer landet rikare
? Landet veks når det blir oppretta ein nasjonalpark. Det vert ikkje større, men det vert rikare, sa Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund, under middagen på Baroniet Rosendal etter opninga av Folgefonna nasjonalpark 14. mai. Folgefonna er vår 25. nasjonalpark og inneheld eit av dei få større villmarksprega områda som er att i Hordaland.