DEN STORE KLESBYTEDAGEN I FØRDE, 27. april
Laurdag 27.april kl 10.00 -15.00. Klesbyte og Fiksefest på Alti, «Storebrua», handelshuset.
Lat andre få glede av plagg du ikkje brukar,
gled deg over nybytta plagg sjølv, og at du sparer miljø og pengar!
SLIK BYTER DU KLEDE:
Du kan ta med klede laurdagen kl. 10.00 og levere inn plagg, som er reine og i god stand. Du kan byte til deg klede litt seinare på dagen frå kl. 13.00.
VIL DU FIKSE KLEDE?
Midtre Sunnfjord Husflidlag stiller med utstyr og kompetanse for å hjelpe og veilede deg slik at du kan gjere og lære det sjølv, med fokus på mestring og bærekraft!
Forny garderoba, spar pengar og miljøet samstundes!
Bli med, dette blir spennande!
Les meir på lekkja.
Arrangør:
Naturvernforbundet Sogn og Fjordane,
i samarbeid med Naturvernforbundet i Sunnfjord, Midtre Sunnfjord Husflidslag og Alti Førde.
Naturvernforbundet sin store Klesbytedag har blitt populært årleg arrangement og vert i år arrangert over heile landet.
Klesbyte utgjer ei stor sparing av naturressursar, les om det på lekkja.
Fint er det også å kunne skaffe seg nye klede utan å bruke pengar på det.
Velkommen laurdag 27.april kl 10.00-15.00.
Til Klesbyte og Fiksefest i Førde!
På Alti, Storebrua, handelshuset.
DEL og INVITER familie, vener, naboar, jobben!