Er vi på veg mot eit ja til vindkraft på Snøheia?

Høyanger har sagt ja til å starte planlegginga av vindkraftanlegg på Snøheia. Kjem Sunnfjord til å gjere det same?

Utsyn frå toppen av Snøheia (1139 moh.) Biletet til venstre mot Hestad grend og vidare til den ikoniske Storehesten (også kalla Kvamshesten, 1209 moh.) og Blegja (1304 moh.). Populære turmål for sunnfjordingar og tilreisande. Biletet til høgre er mot Viksdalen og Oppedal, og ein ser mot Grovabreen, Jostefonni og Jostedalsbreen i aust.Foto: Ove H. Solås
Utsyn frå toppen av Snøheia (1139 moh.) Til venstre: Hestad grend og vidare til den ikoniske Kvamshesten (1209 moh.) og Blegja (1304 moh.). Til høgre: mot Viksdalen og Oppedal, og ein ser mot Grovabreen, Jostefonni og Jostedalsbreen i aust.

Dette er eit sammandrag av fellesuttalen sendt til Sunnfjord kommune frå fleire naturvernorganisasjonar imot vindkraftplanane på Snøheia.

Riv ikkje hjarte ut av naturen og dei vestnorske fjella!

Planområdet til vindkraftanlegget med ringar som viser støypåverknad frå eit mogleg vindkraftanlegg. Dei blå og lyseblå prikkane syner bustader og hytter i området. Trykk på bilete for å sjå detaljane og zoome inn. (Foto: Kaare Finbak)

Snøheia industrikraft AS og Høyangerfjell vindkraftanlegg vil føye seg inn i rekka av vindkraftverk som bidreg til omfattande skadeverknader for natur-, landskap- og friluftslivverdiar. Ulempene ved å omregulere dette området til industri er enorme.

Kraftverket vil bestå av nær 100 vindturbinar som vil vera opptil 250 meter høge. Det er planlagt turbinar heilt opp til nær 1200 meter over havet. Det storslåtte landskapet vil bli omgjort til industri med roterande rotorblad, støy og blinkande lys. Arealinngrepet vil få konsekvensar for store områder med natur, som i dag framstår som urørt, med viktige naturverdiar og artar vi har eit internasjonalt ansvar for. Kvar turbinane faktisk skal stå, vil ikkje kommunen kunne bestemme. Dette er samla sett ei fragmentering og irreversibel øydelegging av store delar av vår viktige fjellnatur.

Dette området er like stort som Jølstravatnet, Haukedalsvatnet og Viksdalsvatnet til saman. Ei liknande omregulering av natur til industri har aldri funne stad før.  

Kraftverka vil øydelegge eit stort og viktig friluftsområde i regionen vår. Naturopplevinga frå nærfjella i Sunnfjord og nabokommunane vil også verte sterkt forringa. Klungeren ligg innafor 700 meter unna, det er i underkant av 1.7 mil til Hafstadfjellet ved Førde, og 2.2 mil frå det populære
turmålet Storehesten (Kvamshesten) i Bygstad. Johannesberget på Gaularfjellet er 2.5 mil unna.  Mange held seg i god form med kvardagsturar i nærfjella, og finn ro og sjelefred. Bulyst og livskvalitet for svært mange innbyggjarar vil bli endra. Sogn og Fjordane er ein av dei mest populære turistmåla i Noreg, både for norske og utanlandske turistar. For eksempel vil nasjonal turistveg Gaularfjellet bli sterkt forringa som følgje av vindkraftanlegga i fjella og andre verneverdiar som Gaularvassdraget og kulturminne som Hestad kapell.

Fleirtalet av grunneigarane i både Sunnfjord og Høyanger kommune ønskjer ikkje vindkraft på sine eigedommar.

Natur- og friluftslivsorganisasjonane meiner derfor at vi allereie har nok kunnskap om konsekvensane ved å etablera vindkraft i desse høgfjellsområda, og oppmodar partia i Sunnfjord kommune til å avstå frå vindkraftutbygging og istedet ivareta det unike landskapet for komande generasjonar. 

Eit enormt arealinngrep i eit større samanhengande naturområde med urørt preg

Her er planområda i Modalsfjella (lengst sør) og Snøheia (i midten; nord for Høyanger og Sognefjorden) vist omtrentleg. I nord ser ein, for samanlikning, kor Guleslettene vindkraftpark ligg. Flyfoto: Statens kartverk / Norgeskart.no.
Her er planområda i Modalsfjella (lengst sør) og Snøheia (i midten; nord for Høyanger og Sognefjorden) vist omtrentleg. I nord ser ein, for samanlikning, kor Guleslettene vindkraftpark ligg. (Flyfoto: Statens kartverk / Norgeskart.no.)

Heile 63 km² natur, som i dag framstår som urørt og fri høgfjellsnatur, vil få industripreg. Dette området er like stort som Jølstravatnet, Haukedalsvatnet og Viksdalsvatnet til saman. Ei likande omregulering av natur til industri har aldri funne stad før.  

Tre mål store oppstillingsplassar kring kvar turbin (som ei halv fotballbane), og 800 m veg i 8-10 meters bredde for kvar turbin,  vil medføra irreversibel øydelegging av om lag 1100 mål fjellnatur. 

Store friluftslivsverdiar, bulyst og folkehelse

Kraftverket vil øydelegga eit stort og viktig friluftslivsområde i regionen vår: Det som i dag er eit fredeleg turområde, sommar og vinter, vil bli sterkt påverka av nedbygging, støy og iskast. Populære turmål som Holtsnipa, Snøheia, Årnesholten, Nova, og ikkje minst alle stølane frå Oppedalen i aust til Senneset/Grytås i vest. Området er brukt til beiteområde, jakt, fiske, tur, bærsanking og friluftsliv. 

Friluftsliv gir ein stor folkehelsegevinst, livsglede og bulyst. Det er imponerande å sjå at omlag 20 personar, hovedsakleg unge familiar, har valgt å flytte til og overta gardsbruk på Viksdalen dei siste år. Mange held seg i god form med kvardagsturar i nærfjella, og finn ro og sjelefred.   


Rørstadstølen ved Viksdalsvatnet og varden på Snøheia (kjelde: Ut.no). Norsk stølskultur er nyleg blitt ein del av UNESCOs verdsarvliste over det som kallast immateriell kulturarv.

Bygdene treng folk, kompetanse og unge menneske som vil bu i distrikta. Det er svært lite truleg at vindkraftanlegg i Snøheia og Høyangerfjella vil medføre nye tilflyttarar i Sunnfjord kommune. Å starte ei konsekvensutgreiing over mange år vil også bidra til stor usikkerheit, og kunne medføre fråflytting heller enn tilflytting. Kven vil bygge seg hus eller flytte til eit område som står i fare for å bli øydelagt med støy og forringa natur, i tillegg til reduserte eigedomsverdiar?   

Menneske kan få helseskadar ved å bu nær eit vindkraftanlegg med kontinuerleg støy og eit øydelagt kvardagslandskap. Nokre har fått alvorlege helseplager og psykiske påkjenningar dei knapt kan bere. Erfaringane frå eksisterande vindkraftanlegg viser at det ikkje lar seg gjere å kartlegge 100% korleis lyden fer med vind og i høve topografi, før støykjelda er på plass. I Noreg er minste lengda mellom turbin og bustad 800 meter. Bayern har til samanlikning eit minstekrav på 10 gonger turbinhøgda. Undersøkingar påviser også samanhengen mellom landskap, stadkjensle og livsglede.   

Dei som brukar fjella til friluftsliv og rekreasjon, vil få ei heilt anna oppleving av ro for både auge og øyre. Snøheia og Høyangerfjell vil forringe naturopplevinga for alle i Sunnfjord, men også nabokommunane Gulen, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Kinn, Bremanger, Gloppen, Stryn, Sogndal, Vik, Høyanger, ja, og truleg også endå lenger når det skumrar og lysblinka bidrar til at augo søkjer seg mot dei høge turbinane i industrianlegga. 

Naturmangfald

Kraftverket vil forringa og fragmentera eit særs snørikt høgfjellsområde, med ein særeigen flora som finst svært få andre stadar i Noreg og elles i verda, og bidra til å endre leveområde for dyr og fuglar. Vindindustrianlegga er tenkt plasserte i alpin sone. Vegetasjon og dyreliv i dei alpine områda er særleg utsett for ulike forstyrringar, og alle prosessar i naturen som skal hele skadar frå inngrep i den alpine sonen, går sakte. 

Det er funne 9 ansvarsartar av fugl i fjellområdet. Ansvarsartar er artar der Noreg har minst 25% av Europa sine hekkebestandar, eller til og med over 50% av den internasjonale bestanden. Havørn, jaktfalk, fjellrype, lirype, heilo, heipiplerke, gråtrost, bjørkefink og  gråsisik er slike ansvarsarter, der både havørn og fjellrype er arter kor Noreg har over 50% av den europeiske hekkebestanden. Artane er allereie under press frå klimaendringane, og vi må ta godt vare på dei alpine fjellområda som er att. (Kjelde: Birdlife Sogn og Fjordane (2024) )

Fjellrypebestandene i området Snøheia /Høyangerfjell er svært gode, og det er eit hekkande par med jaktfalk i området, det einaste kjende paret i midtre og ytre delar av fylket. (Foto: Birdlife Sogn og Fjordane.)  

Oppfordring til politikarane i Sunnfjord

Høyanger kommune er ein av dei første kommunane  i Sør-Noreg som seier ja til planinitiativ etter eit  sterkt press frå ei hjørnesteinsbedrift, industrigiganten Hydro. Hydro har sjølv sagt at dette handlar om kraftprisar, ikkje kraftmangel. Krafta går inn i kraftnettet, og det er viktig å prioritere kven som skal bruke straumen. 

Å realisera Snøheia og Høyangerfjell vindkraftverk vil vera i strid med internasjonale avtalar som Noreg har ratifisert, når det gjeld å redusere arealbruk og  ivareta naturmangfaldet. Vi vil vise til at det så langt er registrert fleire titals raudlista artar i det aktuelle området, der mange av artane også er raudlista internasjonalt. Pågåande klimaendringar set mangfaldet under press i fjellet, og gjer fjellheimen i seg sjølv sårbar. Difor bør internasjonale forpliktingar gjennom blant anna Naturavtalen og Landskapskonvensjonen følgjast opp ved at ein er ekstra varsam med å utsette desse fjellområda for ytterlegere negativ påverknad.  

Å gå vidare med sakshandsaming av prosjektet vil skapa unødig store konfliktar, og i sum også vere dårleg samfunnsøkonomi. Difor vil organisasjonane be Sunnfjord kommune om å seie nei til planinitiativa og syte for at det ikkje blir sett i gang omregulering frå landbruk, natur- og friluftslivsføremål til eit gedigent industriområde 1000 meter over havet med 250 meter høge turbinar. Det vil vere eit svik mot både naturen og komande generasjonar.  

La folket få nyte roa og freden i den fantastiske fjellnaturen vi har, utan uro for at den snart kan bli øydelagd for alltid. Natur- og friluftsområda våre tilhøyrer også dei som kjem etter oss, og vi har ingen rett, korkje moralsk eller juridisk, til å byggja dei ned til industriområde.   

Faktaboks

  • I Lokalvalet i 2023 var vindkraftsaka den viktigaste for folk flest. Valet resulterte i eit kommunestyret samansett av eit fleirtal mot vindkraft i fjella våre gjennom personstemmer.
  • Innbyggjarane har god støtte frå Noregs befolkning: 73% er heilt eller delvis imot at vi skal øydelegge norsk natur for å bygge vindkraftverk (Opinion, 2020).
  • Fleirtalet av grunneigarane i Sunnfjord og Høyanger ønskjer ikkje vindkraft på sine eigedommar. Dei bringer fram at natur-, landskaps og frilutfslivsverdiane er høge, og vil ha ei rad ulemper med blandt anna støy, skuggekast og solblink frå rotorblad som går rundt i ein evig karusell. I tillegg kjem miljøkonsekvensane med tap av karbonhaldig natur og forureining.
  • Vindkraftannlegga vil ligge i nedbørssona til det verna Gaularvassdraget (lengde på 63km). Anlegga vil forureine elva med mikroplast frå rotorblada. I oktober 2024 kom ein rapport som kvantifiserer mengda til rundt 62 kilo mikroplast i året frå kvar turbin. Det er også vel kjendt at det førekjem lekkasjar av oljer frå vinkraftturbinar.

Dette brevet er sendt på vegne av Sogn og Fjordane Turlag, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, BirdLife Norge avd. Sogn og Fjordane og Noregs Jeger- og fiskerforbund Sogn og Fjordane.   (vedlagt ligger heile fellesuttalelsen)