Fest for Førdefjorden
No står det om kampen for ein rein levande fjord. Vi inviterer til fest for Førdefjorden laurdag 10. oktober

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Natur og Ungdom inviterer til fest for Førdefjorden i Myraløa i Vevring!
Kl 15:00: Støttemarkering på Engebø
Kl 16:00: Fiskesuppe, fest og faglege innlegg i Myraløa i Vevring
Festen startar med fredeleg støttemarkering for fjorden utanfor annlegget på Engebø, før vi går til Myraløa der det blir servert gratis fiskesuppe, fagleg innlegg og musikk.
Arrangementet er gratis og ope for alle, men Natur og Ungdom tek gjerne imot donasjonar til å støtte aksjonane mot gruvedumping i Førdefjorden.
Oppdatert program kjem fortløpande.
Foreløpig program:
15.00: Støttemarkering på Engebø
fra kl 16 og utover:
– Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom, orienterer om situasjonen i Førdefjordsaka og aksjonane denne veka
– Musikk ved Hallvard Husefest Lunde og Ørjan Thingnes
– Amund Noss i CMS Kluge held innlegg om rettsprosessen i Førdefjordsaka
– Vitnesbyrd frå lokale folk og frå aktivistar
– Fleire appellar frå folk og lag, meir musikk, dikt, allsang og festligheiter
– Kaffe og kake
Følg med på facebook for oppdatert program:
Denne veka har Natur og Ungdom hatt aksjonar på Engebø
Slik kan du støtte saka:
- Skrive under på oppropet: Skriv under: Stopp dumpingen
- Støtt Natur og Ungdom på spleis: Støtt Natur og Ungdoms kamp for Førdefjorden!
- Delta i aksjonane i Vevring
- Digital støttemarkering: lage ein plakat med teksten «Stopp dumpinga i Førdefjorden no!», ta bilde, og legge ut i eigne flater og del gjerne med oss.
- Arranger ein støtteaksjon der du bur og støtt opp under kravet Respekter høgsterettsdommen, stopp dumpingen i Førdefjorden no!
