Holmaneset i Bremanger: Vi har klaga over vedtatt plan om å øydelegge kystfuruskogen

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane har i lag med Naturvernforbundet klaga inn vedtaket om å bygge ein hydrogen og ammoniakk fabrikk på kystfuruskogen på Holmaneset.

ASA

Bremanger kommune har valt å gå vidare med planane om å bygge ned kystfuruskogen på Holmaneset til fordel for ein hydrogen- og ammoniakkfabrikk i Svelgen.

Vi har i lag med Noregs Naturvernforbund sendt inn klage via advokat, og krev at vedtaket blir omgjort av fleire grunnar. Vi har og bedt om fullstendig utsatt iverkesetjing, då området er gjennomgåande av verdifull kystfuruskog og arkeologiske utgravingar i området vil føre til skade på økosystemet til skogen og felling av furuer på området.

Vi meiner at vedtaket ikkje er lagt på rett grunnlag og det er fleire saksbehandlingsfeil som ikkje er tekne på alvor etter første klagerunde. Blant desse er det lagt til grunn eit vedtak basert på feil kartlegging og vurdering av naturmangfaldet som blir råka. Planvedtaket manglar og utgreiing av relevante og realistiske alternativer, det er lagt feil nullalternativ til grunn, og det er manglar i klimaregnskapet.

Statsforvaltaren oppheva vedtaket etter klagerunde 7.oktober 2025, men la berre til grunn at naturmangfaldlova ikkje var tilstrekkeleg utfylt. Dei skreiv og følgande

«Vi meiner minstekrava til konsekvensutgreiinga i hovudsak er oppfylte»

Naturvernforbundet mener det er større og mer grunnleggjande mangler ved konsekvensutgreiinga enn statsforvalteren her legg til grunn. Under alle omstende er det ikkje tilstrekkelig at minstekravene til konsekvensutgreiinga i hovudsak er oppfylte. Minstekravene til utgreiing av reguleringsplanen må vere oppfylt i sin heilhet.



Følgene punkter er klagd på:

  • 1. Mangelfulle alternativvurderinger
  • 1.1 Manglende utredning av alternative lokaliseringer – både i og utenfor kommunen
  • 1.2 Feil nullalternativ lagt til grunn som referansetilstand
  • 2. Ikke tilstrekkelig kartlegging og vurdering av påvirkning av naturmangfoldet
  • 2.1 Særskilt om flaggermus
  • 2.2 Vurderinger av påvirkning av verneverdiene i reservatet
  • 3. Feil og mangler i klimaregnskapet knyttet til myr og avskoging
  • 4. Nordgulen og manglende vurderinger av vannforskriftens krav
  • 5. Feilene kan ha innvirket på vedtakets innhold, jf. fvl. § 41

Kvifor har vi påklaga vedtaket?

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner at denne saka er viktig fordi det viser til at kommunen ikkje forstår alvoret med nedbygging av verdifull natur i området sitt. Her har dei valt å bygge ut eit området med kystfuruskog som er viktig for dyrelivet både i sjøen men og på land. Rett i nærleiken ligg fuglereservatet Tennøyane som blir påverka av å ha ein ammoniakkfabrikk som næraste nabo. Dette er endå eit eksempel på at næringa står sterkare enn naturen, og at den alltid må vike til fordel for «utvikling» og «det grøne skiftet». Det høyrer ikkje heime i norsk forvalting at våre naturverdiar ikkje blir verdsatt men blir bygd ned. Slik klima og naturforvalting vil vi ikkje ha for komande generasjonar, vi vil at bevaring av fungerande økosystem inngår i rekneskapet for å motarbeide klimaforandringar, og blir sett på som eit gode for kommunar – ikkje ein lettvint plass å byggje industri.

Les og Norges Miljøvernforbund si grundige utredning til klagen og kvifor det er viktig at ein bevarer Holmaneset:

Vil du støtte oss i arbeidet mot å bevare naturen?