Oppdrag Blomstereng i Sogn og Fjordane
Eit skuleprosjekt der elevar lærer om biologisk mangfald på ein praktisk og utforskande måte.

Meld på skulen din!
Vi i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane kan tilby Oppdrag Blomstereng i alle kommunar i området vårt
Kun skulebesøk til nokre skular etter avtale (foreløpig Sunnfjord og Sogndal – men ta kontakt)

Oppdrag Blomstereng
Naturvernforbundet i Hordaland har utvikla prosjektet «Oppdrag Blomstereng» og vi i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane kan no tilby dette i vårt område. Vi har ei eiga nettside med nyttig informasjon for skular på oppdragblomstereng.no. Her finn ein og gratis læringsmateriale for skular til bruk i undervisinga. Bakgrunnsstoff og oppgåvene er tilpassa 1-6. trinn, teikneseriar og plakatar og illustrasjonar (språkforma er bokmål). Ein vel sjølv kor mykje ein vil gjere ut av prosjektet.
Minst tre av øktene er ute, der elevane kan bli kjent med villblomstane i nærmiljøet, sankar eller sår frø. Oppdraget kan også være utgangspunkt for læring om liknande tema.
Daniel Hundven Clements
Daniel Hundven Clements
Daniel Hundven ClementsEin vel sjølv kor mykje ein vil gjere ut av prosjektet. Som lærar kjenner ein elevane sine best, og kan tilpasse opplegget slik det passar dykk. Det som er sikkert, er at eit naturprosjekt som dette gir høve til å variere undervisninga, la elevane vere aktive og utforskande – og komme seg ut for å sjå på villblomar og insekt, ikkje minst!
Det er ein del innandørsaktivitetar i prosjektet som er fine å starte med om været er ruskete. Når finvêrsdagane kjem, kan ein gå ut og gjere ulike oppgåver i nærmiljøet. Oppdrag Blomstereng er òg eit meir langvarig prosjekt, så ein kan alltid plukke opp tråden igjen seinare – eller sammen med ein anna klasse.
Inne: bli kjende med pollinatorane og villblomstrane, brett frøposar, planlegg blomsterenga, sorter/frø, arbeid med oppgåveark og elevhefte.
Ute: finn dei norske villblomstrane, sank frø i nærområdet, lage og så blomsterenga, registrere funn og følgje utviklinga gjennom sesongane.
For klassar som har anledning til det, er prosjektet eit perfekt utgangspunkt for meir dybedlæring i naturfag, samfunnsfag og bærekraftig utvikling.

Tilbud av ressursar i 2025:
- Elevhefter: Vi har trykt opp elevhefte som kan sendast ut til deltakarskulane (så langt lageret rekker – merk at det er på bokmål).
- Lærerveiledning: På nettsida til Prosjekt Blomstereng finn de gratis lærerveiledning og ressursar.
- 2 Plakatar: av 18 vanlige ville blomster og “Elevreisen”.
- Frøpakkar: Der ein ikkje rekker å sanke frø på hausten, kan ein få frøpakkar med villblomar frå NIBIO.
- Skilt: Skilt for Blomsterenga.
- Registrere artar i prosjektet: I Artsdatabanken har vi oppretta eit prosjekt som heiter Oppdrag Blomstereng. Dersom de registrerer artar i Artsobeservasjoner kan de søkje opp prosjektet Oppdrag Blomstereng. Då bidreg elevane direkte med artsregistreringar som blir synlege i Artskart. Vi tilrår at læraren tar ansvar for sjølve registreringa.
- Skulebesøk: Avhengig av lokalisasjon og kapasitet. Ta kontakt for å avtale og høyr om moglegheitane.

Kontakt
Prosjektansvarleg i Sogn og Fjordane:
Allette Alværvik
epost: allette.alvarvik@naturvernforbundet.no
tlf: 94874648
Linda LøvheimOppdrag Blomstereng
For meir informasjon, ressursar og nyttige artiklar sjekk ut Oppdragblomstereng nettsida!
Takk for støtten!
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, skal ha ein ekstra takk frå oss som har sponsa Prosjekt Blomstereng. Dei har gjort det mogeleg å gi tilbodet til skular i området vi dekkar i Sogn og Fjordane.
