Naturvern, naturglede, naturkunnskap og naturbruk
Manus til innlegg på landsmøtet i Naturvernforbundet 30.08.2013. Det blei ikkje tid å seie alt i to korte innlegg på landsmøtet, men her er det eg hadde tenkt å seie.
«Det er viktig å vise sammenhengen mellom en rik og mangfoldig natur, kunnskap om og bruk av denne – og våre politiske krav.» Dette står i utkast til arbeidsprogram, under satsingsområdet Naturglede. Dette er ei svært viktig setning. Men eg vil spørre i kva grad denne forståinga har prega Naturvernforbundet sitt arbeid og dei dokumenta vi skal vedta på dette landsmøtet.
Eg har gjort ei lita undersøking av korleis 4 sentrale moment kjem fram i oppslag på nettsida til Naturvernforbundet og i prinsipprogram og utkast til arbeidsprogram:
Naturvern – 500 – 2 (!)
Naturglede – 141 – 15
Naturkunnskap – 34 – 0 (2)
Naturbruk – 27 – 0 (2)
Naturvern
Dette er jo det alle skal snakke om her i tre dagar. Det er den sjølvsagte fellesnemnaren for alle som har meldt seg inn i dette forbundet. Men haldninga vår til naturvern heng saman med dei tre andre momenta.
Naturglede
Naturglede kan vi alle kjenne i kontakt med naturen, anten det er gjennom forskjellige former for naturbruk eller såkalla rekreasjon. Og frå denne gleda kjem og ønske om å ta vare på dette for framtida. Naturglede eit viktig moment i Naturvernforbundet sitt prinsipprogram, og særlig i utkastet til arbeidsprogram, der det er gjort til eit av tre hovudsatsingsområde.
Naturkunnskap
Vi likar å tru at vi lever i eit kunnskapssamfunn, at kunnskapsnivået i befolkninga aldri har vore så høgt som no. Men når det gjeld naturkunnskap, vågar eg den påstanden at aldri i menneskeslekta si historie har kunnskapen om naturen blant folk flest vore så låg som i dag. Aldri har vi hatt så dårlig grunnlag for å klare oss i naturen på eiga hand. Aldri har vi visst så lite om kva planter som vi kan bruke til mat og medisin og korleis vi må behandle dei. Aldri har avstanden mellom menneske og natur vore større.
Dette er sjølvsagt eit resultat av urbanisering og industrialisering og kraftig reduksjon av nokolunde velbevarte naturområde. Men det er og eit resultat av ein bevisst politikk, der naturfaglige emne har liten verdi og status både i opplæringa i barnehage, skole og høgare utdanning og i forskjellige organisasjonar i samfunnet. Med tanke på å bevare naturen for framtida og utvikle eit godt forhold til natur og naturbruk, er det ein katastrofe at alle dei siste skolereformene einsidig har prioritert språk, matematikk og data på kostnad av naturfag, samfunnsfag og praktiske fag. Dei som i dag styrer landet og næringsutviklinga har både mangelfull naturkunnskap sjølv, og verdsetter heller ikkje verken den uformelle eller den formelle naturkunnskapen. Det ser vi f.eks. i politikarane si avvising av kunnskapen til staten sine eigne ekspertar som åtvarar mot oljeboring, sjødumping av gruveavfall og uhemma utbygging av oppdrettsnæringa.
Naturvernforbundet og andre miljøorganisasjonar har bidratt til å styrke naturkunnskapen på to vis. Ein har stadig vist til betydninga av å legge naturkunnskap til grunn for forvaltningsvedtak i utbyggingssaker. Og ein har gjennom N&M og informasjonsmateriale frå Naturbutikken bidratt til å utbreie kjennskap til forskjellige sider ved naturen.
Likevel vil eg påstå at denne sida ved Naturvernforbundet sitt arbeid har vore noko tilfeldig og utan klare linjer, og at det er behov for i langt større grad å gjøre utbreiing av naturkunnskap til ein integrert del av forbundet sitt arbeid på alle plan. Dette gjeld på mange område, men eg vil særlig legge vekt på eitt svært forsømt område: Kunnskap om bruk av planter til mat og medisin.
Med det siste er eg allereie på veg inn i det 4. momentet, der eg ser størst behov for å forbetre forståinga og praksisen til Naturvernforbundet.
Naturbruk
Menneska har alltid brukt naturen. Opprinnelig henta vi vårt daglige levebrød direkte frå naturen, seinare blei ville planter og dyr i stor grad erstatta med dyrka og foredla planter og temte og foredla husdyr. Dei plantene og dyra som ikkje passa inn i dette blei definerte som ugras, skadedyr osv. utsette for kjemisk krigføring og skotpremie. Med urbanisering og industrialisering mista mange av oss også kontakten med dei «tamme» plantene og dyra.
Samtidig byrja fleire og fleire å lengte ut i den naturen dei hadde mista den daglige kontakten med. Vi fikk skikken med å gå tur i skogen og på fjellet, utan at vi samtidig gjorde noko matnyttig. For jakt og fiske blei spenninga og statusen hovudsaka, ikkje matauken. I ekstreme tilfelle blei bare dei mest verdifulle (for jegeren) delane av byttet blei tatt vare på, resten overlatt til rev og ramn. Vi fikk det vanvittige fang-og-slepp-fisket, der ein slepp skada fisk ut igjen etter å ha tatt bilde av han.
Men verken i Noreg eller resten av verda var heile befolkninga omfatta av denne utviklinga. Det var nokre land, distrikt, folkegrupper og yrkesgrupper som i større grad heldt på den direkte kontakten med naturen og henta mat og andre nyttegjenstandar direkte frå naturen. Bygdefolk hadde ofte eit anna forhold til naturen enn byfolk, dei gikk i naturen på jakt, på fiske, sanka ved, bær og andre nytteplanter, emne til husflidsarbeid m.m. Denne tradisjonen har vore halde oppe i større eller mindre grad i store delar av landet, men eg vågar likevel påstanden at han har vore ekstra sterk der eg bur i Indre Finnmark. Tradisjonen fram mot vår tid og dels enno er at når ein gikk i naturen hadde ein alltid eit ærend der.
Det samiske omgrepet «meahcci» er det ytre bruksområdet eller kulturlandskapet. Det var ikkje eit område for friluftsliv og turisme, det var der ein henta det ein trong. Dette skjedde utan å øydelegge naturen, men ikkje utan å sette spor. Meahcci er ikkje villmark, det er ikkje «uberørt natur». Både i Sápmi og elles i Norden har heile naturen vore i bruk. Dette er ikkje naturen som sport eller som hobby, det er naturen som næring, som binæring eller som hovudnæring.
Denne naturbruken kan i nokre tilfelle komme i konflikt med ønsket om å bevare naturen mest mogleg vill og uberørt. Illusjonen om den uberørte ville natur blir halde oppe av turistnæringa og dessverre ofte også av miljøorganisasjonar.
Når eg vil ha naturbruk som satsingsområde for Naturvernforbundet, tenker eg på to ting:
1. Vi treng å auke vår eiga forståing for og kjennskap til naturbruken, slik denne bl.a. kjem fram i beitenæringane og i samisk tradisjon. I Finnmark har vi starta dette arbeidet, med eit seminar vi hadde for to år sidan, der vi fikk representantar for forskjellige greinar av samisk naturbruk til å legge fram sitt syn på naturbruk og naturvern. Vi fikk i gang ein dialog som bidro til at Naturvernforbundet fikk meir forståing og støtte i dette miljøet. Men det ser ut som det er nesten bare vi som har tatt opp dette. Av dei 27 treffa på «naturbruk» på nettsida var heile 17 frå Finnmark, det gir 10 til fordeling på dei sentrale sidene og dei 18 andre fylka.
Som naturvernarar må vi forholde oss til naturbruken og naturbrukarane, og ikkje late som dei ikkje finst. I sommar hadde Naturvernforbundet ein kronikk i ei rekke aviser om dei store rovdyra, der ein ikkje nemnde konflikten mellom auking av rovdyrbestanden og beitenæringane. Dermed sa ein indirekte at beitenæringane ikkje var noko å bry seg om eller ta omsyn til.
2. Naturbruk er ikkje bare den profesjonelle bruken, det er og bruken av naturen som vi gjør, vi som til vanlig har arbeidet vårt i den såkalla sivilisasjonen. Mange av oss hentar meir eller mindre frå naturen, men dei aller fleste kan gjøre det i større grad. Naturen i Noreg har eit rikt utval av materiale til te, saft, krydder, mat, medisin og mange slags nyttegjenstandar. Men dei fleste veit lite om dette, og her kjem naturkunnskapen inn.
Naturkunnskap er eit grunnlag for naturbruk, og dette aukar igjen naturgleda og forståinga av at denne naturen må vi verne. Jo fleire som brukar naturen, jo fleire blir engasjerte i å verne han.
Men det må vere eit vern for naturbruken, ikkje eit vern mot lokalbefolkninga sin naturbruk, slik det dessverre ofte har vore.
Derfor ønsker eg at naturkunnskap og naturbruk i program og praksis må få ein større plass og at desse omgrepa blir sett i samanheng med naturglede og naturvern.
Svein Lund
Vara til landsstyret fra Finnmark, leiar for Ávjovári luonddugáhttenlihttu / Naturvernforbundet i Ávjovárri