Vil «Havets statsminister» stoppe gruvedumping?
Nylig har regjeringa gitt klarsignal for Nussir til dumping av gruveavfall i Repparfjorden. Men dette kan ennå gjøres om. Mye tyder på at det kan bli regjeringsskifte til høsten. Naturvernforbundet utfordrer her statsministerkandidat Jonas Støre, som har sagt at han vil bli «Havets statsminister». Men er det et reint eller et forurensa hav han vil…
Utfordring til Arbeiderpartiet: Stans dumping av gruveavfall i fjordane
14. juni 2016 hadde vi eit innlegg i Dagsavisen der vi utfordra Jonas Gahr Støre til å ta ansvar for eit friskt hav, og stanse dumping av gruveavfall i norske fjordar dersom Arbeidarpartiet får regjering i 2017. Utgangspunktet var at Støre hadde uttalt at han ville bli ”havets statsminister”.
Eit grunnleggjande vilkår for å kunne vidareføre og utvikle Noregs tusenårige historie med å hauste frå havet som ein økonomisk berebjelke for landet, er å halda havet friskt og artsrikt, og i det arbeidet er det viktig at Noreg stiller seg i spissen. Dessverre er havet sterkt truga av forureining av mange slag, men alt for lite blir gjort, og forskar Stein Erik Sørstrøm i Sintef er pessimistisk når det gjeld det internasjonale arbeidet: «Med tilsvarende tempo som på klimaområdet, kan vi forvente effektive, verdensomspennende tiltak mot havforurensning tidligst en gang mellom 2030 og 2050.»
Hausten 2016 tok IUCN, verdas naturvernunion, eit viktig steg i arbeidet for å stanse forureining av havet, då IUCNs verdskongress i eit nesten samstemt vedtak bad alle verdas land om å stanse dumping av gruveavfall i sjø. Noreg og Tyrkia var dei einaste landa på kongressen som røysta mot vedtaket. I tillegg til Chile, Indonesia og Papua New Guinea er Noreg og Tyrkia einaste landa som enno ikkje har stansa dumping av gruveavfall i sjø, og vi vil hevde at Noreg aldri vil få truverde til å kunne bli ein internasjonal pådrivar i arbeidet for å halda havet friskt og artsrikt så lenge dumpinga av gruveavfall i norske fjordar får halda fram.
Vi utfordra Støre på dette i juni 2016, men har så langt ikkje fått svar. Vi spør difor på nytt, for å få dette viktige spørsmålet avklart for veljarane før stortingsvalet 2017: Vil Arbeiderpartiet i regjering lytte til vedtaket i IUCN, og sette i verk tiltak for å stanse dumping av gruveavfall i norske fjordar?
Silje Ask Lundberg
Leiar av Naturvernforbundet
Mads Løkeland
Naturvernforbundets gruveutvalg