Bevar Opo!

Alle er einige om at flaumsikring er naudsynt – men ikkje at flaumsikring skal betalast med kraftutbygging i våre siste, urørte verna vassdrag.

natur

I Noreg er to av tre elvar lagt i røyr for kraftproduksjon. Sju av dei ti høgaste fossane er regulert. Heldigvis har fleire av dei mest verdifulle vassdraga blitt verna mot kraftutbygging, gjennom harde og langvarige kampar utkjempa av eldsjeler. No står likevel også dei verna elvane i fare for å verta lagt i røyr, og Opo – elvejuvelen i Odda – er ein av dei.

Saman med dei andre organisasjonane i Forum for natur og friluftsliv Hordaland har Naturvernforbundet Hordaland i dag levert høyringsuttale mot utbyggingsplanane til Sunnhordaland Kraftlag, der me grunngjer kvifor me på det sterkaste oppfordrar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til å avslå søknaden om kraftutbygging i Opo.

Ikkje eit “flaumkraftverk”

Omgrepet “flaumkraftverk” er misvisande då det får det til å høyrast ut som at kraftverket berre skal vera i drift under flaum. Det er ikkje tilfellet. Medan ei flaumluke/flaumtunell utan kraftverk berre vil nyttast for å fjerna vatn frå elva når storflaumen trugar, er eit kraftverk avhengig av å gå året rundt og permanent redusera vasstanden i elva til eit minimum, for at det skal vera lønsamt.

Skal flaumtiltak betalast med verna natur?

Kronargumentet for kraftutbygging i Opo er at flaumsikringstiltak på den måten kan verta ei inntekt i staden for ei utgift. Det er ein utdatert tankegang at naturen skal betala for våre feilgrep. Gjennom tidene har elvemunningane i Opo vorte skrenka inn, massar har blitt deponert i Sandvinvatnet, og naturlege elvesletter har blitt bustadområde. Vassdraget si naturlege evne til å handtera flaum har dermed gradvis vorte redusert, samstundes som dei menneskeskapte klimaendringane er spådd å føra til endå hyppigare og kraftigare flaumar. Skal det vera lønsamt å handtera konsekvensane av feila me har gjort, og det gjennom ytterlegare naturøydelegging? Noreg har tent svimlande summar på eksport av fossil energi. Staten må derfor ta kostnaden med å bøta på konsekvensane av det me har gjort. Det er heilt uakseptabelt at dei verdifulle, verna vassdraga, vår siste skanse mot total nedbygging av norsk vassdragsnatur, skal betala for flaumsikring.

Odda er no sikra for ein 500-årsflaum – og behovet for vidare flaumsikring er framleis under kartlegging

Etter at storflaumen i 2014 raste gjennom Odda og tok med seg fem hus på fjorden, har NVE gjennomført omfattande flaumsikringstiltak av Opo. Desse tiltaka er berekna på ein 500-årsflaum pluss 40 % “klimapåslag” (flaumen i 2014 var ifølgje nyleg justerte tal frå NVE ein 200-årsflaum). Kva tiltak som eventuelt trengst i tillegg til desse tiltaka som alt er gjennomført, spesielt med tanke på dei øvre delane av Opo, er under kartlegging av NVE og vil vera ferdige i slutten av mars. At NVE og Olje- og energidepartementet (OED) til tross for dette ikkje utsette høyringsperioden om kraftutbygging til etter at kartlegginga av andre alternativ ligg på bordet, som Naturvernforbundet oppmoda om, er særs kritikkverdig.

Respekter vernet!

Verneplanane for vassdrag skal spesifikt gje vern mot kraftutbygging, på grunn av det store presset som er og har vore mot norsk vassdragsnatur. Om myndigheitene no opnar opp for at Opo skal leggast i røyr for at flaumsikring skal verta lønsamt, vil dette få ringverknadar – og ingen verna vassdrag vil lenger vera trygge. Kva er då dei lange kampane og demokratiske prosessane som førte til verneplanane verdt?

Naturvernforbundet seier ja til urørt natur og klok flaumsikring, majestetiske og levande lakseelvar – og derfor nei til kraftverk i Opo.