Ein redningsplan for reinen på Hardangervidda

Invitasjon til ope møte i Odda.
8. mai stiftar Naturvernforbundet nytt lokallag for Hardanger. På eit ope møte i Odda vil me sette fokus på stoda til villreinen på Vidda.

Invitasjon til ope møte i Odda 8. mai kl 19.00

8 mai stiftar Naturvernforbundet nytt lokallag for Hardanger. På eit ope møte i Odda (i klubblokalet til Odda jeger & fisk, Øyna) vil me sette fokus på stoda til villreinen på Vidda . Alle krefter må setjast inn for å gje dyra eit betre leveområde.


Dramatiske endringar

Ei rekkje drastiske tiltak må setjast i verk for at vidda reinen skal sikrast ei framtid. Viltbiolog Tor Punsvik argumenterer for ein tiltakspakke som
byggjer på økologi og tek for seg sjukdom, stammeforvalting,
utbygging, ferdsel og lovverk. Alt med eit bakteppe av
klimaendring.


Ei økologisk tilnærming

Som nyleg pensjonist har villreinkjennaren Tor Punsvik ingen yrkesmessige eller politiske bindingar. Han auser av fagkunnskapen sin med eit økologisk utgangspunkt.

Punsvik var med i ekspertgruppa som på oppdreg frå Miljødirektoratet la fram «Miljøkvalitetsnorm for villrein» i 2017. Då stod den prekære situasjonen på Hardangervidda sentralt i tilrådingane våre. Dette var før skrantesjuka var påvist. At sjukdomen dukka opp på vidda var ikkje uventa verken for meg eller mange andre, seier han.

Han viser til korleis rovdyr tek ut skadde og sjuke dyr. Utan predatorar kan dyrestamma verta svekka sjukdom og parasittar får høve til å spr eia seg, Diverre er me jegarar i den andre enden av skalaen, og jegerseleksjonen har lenge vore mistenkt for at villreinen vert mindre, til dømes i Forollhogna, seier Punsvik. Han trur ei jervstamme på Hardangervidda ville ført til ei friskare villreins tamme, og meiner det er ein del av ei meir økologisk tilnærming i forvaltinga.


Redusera ferdsel og utbygging

Menneskeleg forstyrring og utbygging er av dei største utfordringane for villreinen vår. På Hardangervidda har dette vore fokusert lenge. Oppmodingar og informasjon ser ut til å ha liten verknad, Kitarane med segl som svevar som store rovfuglar skremmer kalvtunge simler på
ettervinteren. All kiting i villreinland bør generelt forbyast, meiner Punsvik og legg til at slik aktivitet må avgrensast t il område og tider med lågt konfliktnivå.


Reinen sine leveområde har vorte tekne i bruk til utbygging bit for bit.
Tor Punsvik har arbeidd med viltbiologi i 40 år. I 36 år var han viltforvaltar hos Fylkesmannen i Agder, med stort ansvar for villreinhandsamingen i Setesdalsområda. Grunnutdanninga hans er naturforvalting ved Universitetet for miljø og biovitenskap. Han har
delteke i ei rekkje nasjonale prosjekt for villrein og anna hjortevilt, mellom
anna: Villrein og samfunn (ViSa) og Miljøkvalitetsnorm for villrein. Han
er med i redaksjonen i tidsskriftet Villreinen og har skrive fleire fagbøker.


For meir info, Klaus Rasmussen 4566 7708 klaus.tpt@gmail.com