Folgefonna – Verdt å ta vare på!

Ein lærelysten og naturglad gruppe på 12 var laurdag 19. september med på ein minneverdig vandring i Bondhusdalen, da Naturvernforbundet Hordaland, saman med Kvinnherad Turlag og Jostein Bakke frå UiB, inviterte til å sjå med eige auga kva som er verdt å ta vare på i norsk fjellnatur.

Turgangarane hadde ein fantastisk, lærerik og spennande tur opp Bondhusdalen til ein brearm av Folgefonna.

Jostein Bakke tok dei med på ei reise frå mange millionar år tilbake i tid og viste dei undervegs korleis spor i naturen viser dei enorme endringane landskapet har vore gjennom. Dei fekk og eit innblikk i kulturhistoria til Bondhusdalen, og turleiarane tok dei med inn i holer under eldgamle steinras kor det blei høgtlesing frå gamle bygdehistoriar i skinet frå levande lys.


Foto: Siri Vatsø Haugum


Med Folgefonna som utgangspunkt viste Jostein Bakke korleis kunnskap frå tidlegare endringar i natur og klima kan gje oss kunnskap om framtidige endringar, men la vekt på at det er svært vanskeleg å modellere korleis klimaet vil bli i framtida, både globalt og regionalt.

Til dømes viser historia at rask nedkjøling av Atlanterhavet (som kan skje ved rask smelting av Grønlandsisen) kan føra til ei mellombels reversering av oppvarminga i Norden som kan gje istidliknande tilstandar i løpet av kort tid.


På vei mot brearmen. Foto: Synnøve Kvamme


Viktig lærdom for miljøorganisasjonane:

Klimasystemet er svært komplekst og det er svært vanskeleg å forutsjå korleis klimaendringane vil ramma regionalt. Den globale oppvarminga medfører issmelting som kan medføra sterk nedkjøling i enkelte regionar framfor forutseieleg oppvarming. Havstigning vil òg variera frå region til region fordi andre faktorar, som landheving, spelar inn. Diverre blir den ueinigheita som er i akadamia fort mat for klimaskeptikarane.


Bondhusvatnet er slående vakkert. Foto: Synnøve Kvamme
Det gjer ikkje klimaendringane til nokon mindre trussel, tvert i mot. Det me veit med sikkerheit er at klimaet, som følgje av den høge klimagasskonsentrasjonen i atmosfæren, destabiliserer seg. Framtida er med andre ord svært usikker, noko som gjer det desto vanskelegare å førebu seg på dei komande klimaendringane. Desto betre grunn har me for å staka ut ein ny kurs mot det berekraftige nullutsleppssamfunnet. Det som er sikkert, er i alle fall at det er ein ufatteleg sjanse å ta å halda fram som før – det bør alle kunna vera einige om.

Styreleder i Naturvernforbundet Hordaland Synnøve Kvamme ved Bondhusbreen. Foto: Siri Vatsø Haugum


Foto: Siri Vatsø Haugum

Me ser tilbake på ein uforglemmelig vandring og gripande påminning om korleis klimaendringane vil kunne påverke oss lokalt og globalt. Folgefonna er ein av mange stadar som er verdt å ta vare på!

Synnøve Kvamme,
Styreleiar i Naturvernforbundet Hordaland


Naturglede Hordaland i Friluftslivets år 2015 ble støttet med midler av Hordaland Fylkeskommune, Friluftslivets År 2015, Sparebanken Vest, Konsul Haldor Viriks Legat og Norges Naturvernforbund.


Vil du finne ut mer om det som skjer?