Kritisk til nye oppdrettsannlegg i Hardanger

Oppdrettsselskapa Eide Fjordbruk og Lingalaks har søkt om å ta i bruk to nye område i Samlafjorden. Naturvernforbundet Hordaland og Naturvernforbundet i Kvam er svært kritisk til planane.

Fjordlandskapet i Hardanger er rekna som noko av det vakraste og mest karakteristiske i verda. Samlafjorden der fjorden opnar seg med Samlanuten på sørsida og Kvamsøy på nordsida, skapar eit unikt landskapsbilete.

Alt i 1998 vart dette poengtert av Miljøverndepartementet i vedtaket som stoppa planane for Nord-Europas største pukkverk ved Hereiane: «Fjordlandskapet i Hardanger vurderes både av Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning, som et av de høyest verdsatte landskapene vi har i Norge… Norge har et nasjonalt ansvar for å forvalte dette slik at verdiene knyttet til naturen, landskapet og kulturmiljøet ivaretas».

Samlen og Hereina er begge sentrale landemerke i Samlafjorden og har mange geologiske fellestrekk. I 2002 vart Hereiane valt til tusenårsstaden i Jondal kommune. Desse vurderingane vert det også lagt vekt på i den regionale kystsoneplanen for Sunnhordland og Hardangerfjorden som vart vedteken i Fylkestinget i oktober 2017 og i 2020 av Kommunal- og Moderniseringsdepartementet.

Diverre er ikkje Kystsoneplanen nemnd i søknadane frå Eide fjordbruk og Lingalaks og heller ikkje i følgjebrevet frå Vestland fylkeskommune til Ullensvang og Kvam herad. Naturvernforbundet meiner dette er ein elementær mangel i søknadane.

Dei to oppdrettsanlegga er søkt plassert på kvar side av Samlafjorden der fjorden er på det smalaste. Eide fjordbruk nemner ikkje Lingalaks og Lingalaks nemner ikkje Eide fjordbruk sine planar. I oversendingsbreva frå Vestland fylkeskommune vert heller ikkje denne situasjonen nemnt. I søknadane og breva frå fylkeskommunen vert det heller ikkje nemnt eller vurdert den korte avstanden mellom dei to anlegga og verknaden etableringa av to store oppdrettsindustriområde vil ha på fjorden og landskapet.

Fylkeskommunen sin merknad i brevet til kommunane og til alle som vil uttala seg om søknadane, er: «Fylkeskommunen si vurdering er at miljødokumentasjonen i søknaden gir godt nok grunnlag for å vurdere om tiltaket får vesentleg verknad for miljø og samfunn». Naturvernforbundet er usamd i denne vurderinga. Det er upassande at fylkeskommunen alt før høyringsrunden startar, konkluderer om miljødokumentasjonen. Vanlegvis ynskjer overordna myndigheit nettopp ei generell høyring for å avdekke alle sider ved saka. Her har dei alt konkludert utan argumentasjon og sender signala vidare til alle involverte. Sett i eit forvaltningsperspektiv er dette problematisk!

Naturvernforbundet meiner at det må gjerast ein grundigare konsekvensanalyse av verknaden av dei to anlegga samla sett. Det gjeld verknad av utslepp på miljøet i fjorden, fisk og annan fauna. I tillegg verknad på landskap, natur og friluftsliv.

Samlafjorden har mest blålange i landet

I fylgje Torstein Halstensen som driv med fiskeregistrering og artsforsking for Havforskingsinstituttet er Samlafjorden den staden i Noreg som har størst bestand av blålange (Molva dypterygia), Fisken brukar Samlafjorden for å gyta, den er sterkt trua og er i ferd med å forsvinna.

I artsdatabanken er blålange raudlista. I fylgje skildringa i artsdatabanken samlar blålanga seg på gyteplassane. Det gjer at fiskestamma vert sterkt påverka av miljøtilhøva. Det direkte fisket på arten tok slutt i 2009 og har vore forbode sidan. Halstensen kan dokumentera at arten også er i sterk tilbakegang i Samlafjorden.

Blålange vert nemnt i notatet frå Rådgivende biologer i søknaden frå Eide fjordbruk. I firmaet Åkerblå si undersøking «Behovsvurdering for KU – Ytre Samlen» er det vist til registrert gyte-, oppvekst- og beiteområde for blålange. Ingen av utgreiingane nemner at blålange er ein kritisk truga art som er på raudlista eller korleis oppdrettsindustrien vil påverke fisken og gyteområda over tid.

I fylgje Halstensen har fjorden også vore eit viktig gyte- og oppvekstområde for kveite. Kanskje er det framleis slik. I tilfelle må området kartleggast og ikkje verta øydelagt.

Naturvernforbundet meiner at Samlafjorden ut frå «føre var»-prinsippet må kartleggjast mykje nøyare. Området er som nemnt det djupaste partiet av Hardangerfjorden og dermed ein unik biotop i verda og livet på ulike djup i fjorden er lite kjent. Det er god grunn til å kartleggja alt dyreliv og alle fiskearter som brukar Samlafjorden heile eller deler av året.

Oppdrettsfôr med kvikksølv

Fisk og skjell som lever i Samlafjorden viser seg å ha så mykje kvikksølv i seg at fisken ikkje vert tilrådd som mat. Det gjeld mellom anna brosme, lange og kveite. Undersøking av fisken i Hardangerfjorden er med i eit stort internasjonalt forskingsarbeid som Havforskingsinstituttet er del av.

Det finst spor av kvikksølv i fiskefôr. I Havforskingsinstituttet sitt Program for overvaking av fiskefôr vert innhaldet av tungmetall rapportert. Dei siste tala frå 2019 viser at «fullfôr» inneheldt i gjennomsnitt 0,02 mg og opp til 0,07 mg kvikksølv pr kilo fullfôr. Det oversteig ikkje den øvre grensa på 0,2 mg/kg. Det er ikkje opplyst kor mykje kvikksølv som går ut med avføring og avfall eller korleis tungmetallane flyttar seg i vass-massane. Naturvernforbundet er kritisk til nye utslepp av kvikksølv i fjorden, når det alt er kosthaldsråd og ikkje tilrådd å eta fisk som brosme og lange.

Ureining frå oppdrett i høve til EU sitt vassdirektiv

Verken søkjarane eller fylkeskommunen har vurdert utsleppa frå oppdrettsindustrien i høve til EU sitt vassdirektiv. Naturvernforbundet reknar med at ansvarlege myndigheiter gjer slike vurderingar i høyringsrunden.

Eit av hovudpunkta i vassdirektivet er at tilhøve som forverrar vassmiljøet ikkje skal halda fram eller setjast i gang. Når oppdrettsindustrien tek i bruk nye område med opne merdar vert vassmiljøet i det nye området forverra.

Diverre vert ikkje EU sitt vassdirektiv godt nok fylgt opp i den norske vassforskrifta. Vestland fylkeskommune har no ein plan for vassforvalting på høyring. I det framlegget vert det sagt at planen skal byggja på vassdirektivet til EU.

Naturvernforbundet ber om at planane for oppdrett i Samlafjorden vert vurdert i høve til både den nasjonale vassforskrifta og EU sitt vassdirektiv.

Ut frå det som er nemnt ovafor, meiner Naturvernforbundet i Kvam og Naturvernforbundet Hordaland at søknadane frå Eide fjordbruk og Lingalaks må sjåast i samanheng. Berre ut frå det som er dokumentert ovafor og som me peikar på vidare i uttalen, meiner Naturvernforbundet at det er gode grunnar for å avslå begge søknadane slik dei ligg føre. Eit anna alternativ kan vera å utsetja avgjerda til det er laga ein ny arealplan for Ullensvang og ein regional kystsoneplan for heile Hardangerfjorden. Uansett meiner me at den samla verknaden av dei to tiltaka vil ha vesentleg verknad for miljø og samfunn og må konsekvensutgreiast. Naturvernforbundet oppmodar om at denne prinsippsaka vert handsama politisk i fylkeskommunen.

Les heile uttalen her