Minneord om Oddvar Skre – ein bauta i miljørørsla

Oddvar Skre sovna stille inn laurdag 2. juli 2022, 83 år gamal.

Oddvar var ein sann naturven. Med eit imponerande uthald stod han på for å ta vare på naturen i tiår etter tiår. Motgang dempa aldri pågangsmotet og engasjementet hans, det var alltid nye saker å ta fatt på med same glød og optimisme. Med Oddvar sin bortgang har miljørørsla mista ein særs kunnskapsrik naturvernar. Kunnskapane sine delte han gladeleg, og formidla engasjert i mange samanhengar. Alltid hjartevarm, inkluderande og kampklar i alt han føretok seg. Ikkje minst var han ei tydeleg stemme i miljørørsla og i media, og han var ikkje redd for å ta ein kamp.

Spesielt var elvane viktige for Oddvar, og han var ein veteran i Naturvernforbundet sitt nasjonale vassdragsvernutval. Oddvar sin innsats, driv og kunnskap var avgjerande for at Daleelva i Åkra framleis får renna fritt gjennom Rullestadjuvet, med dei eldste jettegrytene i Nord-Europa. Øystesevassdraget i Hardanger vart verna i 2019 etter ein 30 år lang kamp, også der var Oddvar sentral. Dette er berre to av mange naturområde han har vore med å berga gjennom sitt lange liv som biolog og naturvernar, og me har ikkje tal på kor mange høyringsuttalar han har skrive som representant for Naturvernforbundet. I 2014 fekk Oddvar velfortent heider og ære for innsatsen så langt, då han vart utnemd som æresmedlem i Naturvernforbundet Hordaland. 

Engasjementet og gløden hadde Oddvar heilt til siste slutt. Til tross for at han var dårleg til beins, ville han vera med på synfaring til Eidsvika på Askøy i vår. Oddvar lurte på om det var mogleg å ta seg fram med krykker eller rullator i svært ulendt terreng! Ingenting var umogleg, var utgangspunktet for Oddvar.

Oddvar var ei eldsjel og ein bauta i kampen for naturen. Ikkje minst var han ein god, lun og klok ven og samarbeidspartner, alltid med glimt i auga, som har sett djupe og varige spor etter seg. Me vil sakna Oddvar og minnast han med glede og takksemd. Kunnskapen, krafta og stå-på-vilja hans lever vidare i Naturvernforbundet.

Takk for alt, kjære Oddvar.

På vegne av alle dine vener i Naturvernforbundet:
Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Harald Simonsen, leiar i Naturmangfaldsgruppa i Naturvernforbundet Hordaland
Synnøve Kvamme, fylkessekretær i Naturvernforbundet Hordaland
Per Flatberg, vassdragsvernutvalet
Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet