Nytt naturvernlag i Hardanger

Nytt lokallag ope for alle som oppfattar seg som hardingar.

Tekst: Oddvar Soldal

8. mai 2023 var ein historisk dag på fleire måtar. Det vart flagga for fridomsdagen og Naturvernforbundet Hardanger vart stifta i Odda som eit nytt lokallag i Norges Naturvernforbund. Samstundes vart Naturvernforbundet i Kvam lagt ned. Det nye lokallaget har ved starten vel 210 medlemer og omfattar kommunane Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Kvam. Laget er er ope for alle som oppfattar seg som hardingar.

Det var gjort eit grundig førearbeid av lokalaget i Kvam med leiar Klaus Rasmussen i spissen og fylkeslaget.Stiftingsmøtet godkjende vedteker og valde eit styre på åtte utan diskusjon. Då det formelle var i orden vart det understreka at no byrjar arbeidet. Det er ikkje mangel på oppgåver lokalt for å ta vare på natur og miljø.

Stiftingsmøtet vedtok to uttalar som viser ein del av dei viktige sakene for det nye laget. Den eine var om vern og bruk av fjorden med vekt på strandsona og oppdrett. Den andre tok opp den dårlege stoda for villreinen på Hardangervidda. Leveområdet for reinen vert redusert og Naturvernforbundet går mot utbyggingsplanar som til dømes gondolbane til Rossnos av den grunn.

Bli med i lokallaget! Bur du i Kvam, Ullensvang, Ulvik eller Eidsfjord? Eller er harding i hjartet? Kontakt leiar Klaus på 45667708 eller hardanger@naturvernforbundet.no

Det fyrste styret

Det fyrste styret i Naturvernforbundet Hardanger er:

Klaus Rasmussen, Øystese, vald som leiar for eit år som styremedlem for to år.

Resten av styret: Elin Lervik, Odda. Bård Kråkevik, Jondal, Arjo Kvamme, Lofthus, Christen Wintertun, Odda,  Leona Wunderlich, Odda, Lars Helge Ljone, Ulvik og Oddvar Soldal, Øystese.

Varafolk: Økonomiansvarleg Tore Bergum, Grimo, Bas van der Wiel, Vikøy, Vigdis Nilsen, Ulvik, Tomas Seim , Røldal og Signe Langesæter, Grimo.