Dag Jørund Lønning : føredrag om Jordboka 2 i Aasentunet måndag 8.april kl. 19-21
15.–16. mars vart Jordboka 2; lansert på Bryne med stor konferanse om naturnær og berekraftig matproduksjon. Dei som ikkje hadde høve til å reise dit, kan høyre forfattaren Dag Jørund Lønning fortelje om boka i Aasen-tunet måndag 8. april. Salen var full då han hadde tilsvarande foredrag om Jordboka I, så her er det lurt å sikre seg billett fort. Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Boka viser veg ut av forbrukarsamfunn og industrilandbruk, og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida. Det blir høve til å kjøpe boka på tilbod, med signatur av forfattaren. Før Lønning slepp til, vil Jordvernforeninga i Møre og Romsdal informere om status for jordvernet og korleis vi kan hindre nedbygging av dyrkajord. Billett kr 100 Du kan kjøpe billett på eBillett eller i døra 1 time før arrangementet. Hugs og parkere nede på parkeringsplassen, om du ikkje er funksjonhindra og treng skyss til døra. Ta gjerne bussen eller samkøyr, då det fort vert fullt på parkeringsplassen! Arr.: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag, Jordvern Møre og Romsdal, Volda og Ørsta Bonde-og småbrukarlag, Framtiden i våre hender Søre Sunnmøre, Naturvernforbundet Ørsta Volda og engasjerte privatpersonar