For mykje felling av bjørn i Midt-Noreg
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har saman med fylkeslaga i Trøndelag, og med bakgrunn i det nye rovviltforliket i Stortinget sommaren 2011, bede Rovviltnemnda i regionen om å gå inn for ingen eller minst mogleg jakt på bjørn i regionen i 2011. Svaret frå rovviltnemnda er eit ønskje om å få skyte meir bjørn.