Merkeleg forvalting
Måndag la Artsdatabanken fram forslag til ny raudliste. På den lista er gaupa flytta frå gradering sårbar opp eit hakk til sterkt truga. Å bli flytta oppover på den lista er ingen fordel. Samtidig hadde rovviltnemnda i region 6 telefonmøte. Dei var sterkt opptatt av korleis dei kunne flytte om på gaupekvota slik at flest mogleg av dyra blir felt.