Engasjer deg!
Brenn du for å verne natur eller å jobbe for naturglede i ditt område? Her forklarer vi korleis du kan engasjere deg i
Naturvernforbundet lokalt
Viktigheita av frivillige i Naturvernforbundet
Har du høyrt at Naturvernforbundet har engasjert seg i enkelte saker, eller oppretta arrangement nær deg? Då er sannsynet stort for at det er frivillige som har stått bak. Naturvernforbundet er bygd opp av frivillige som står på for naturen vår. Når Naturvernforbundet blir omtalt i lokalavisa di, står det som oftast lokale engasjerte bak initiativet. Utan frivillige finst ikkje Naturvernforbundet, og vi er evige takksame for alle som står på i ein travel kvardag.
Men korleis kan du bli frivillig? Og kva passar deg best?
Som frivillig i Naturvernforbundet er det berre fantasien som setter grenser – eller dine interesse områder som regel. Men kva vil det sei om du aldri har vert frivillig før? Her prøver vi å komme med konkrete måter ein kan vere frivillig engasjert, kanskje noko av dette passar deg?
Fartein RudjordMeld deg til styreverv i eit lokallag, eller start eit lokallag for ditt område
Det er fem lokallag i Sogn og Fjordane per i dag: Sunnfjord, Kinn, Eid, Indre Sogn og Bremanger. Alle lokallaga ser etter engasjerte styremedlem i det komande året. I tillegg har vi eit fylkeslag med styremedlem som også kan tenke seg engasjerte.
Gjennom lokallagsstyret kan du vere med å ytre deg i saker innanfor lokallaget sitt virkeområde og lage sosiale arrangement som bidreg til engasjement for naturen. Lokallaga får støtte gjennom fylkeslaget og gjennom organisasjonen sentralt. Det varierer frå lokallag til lokallag kor mykje arbeid ein vil legge inn, og korleis ein vil organisere styreaktiviteten.
Kontakt lokallag eller fylkeslag:
- Fylkeslaget i Sogn og Fjordane: sognogfjordane@naturvernforbundet.no
- Naturvernforbundet i Sunnfjord: sunnfjord@naturvernforbundet.no
- Naturvernforbundet i Kinn:
kinn@naturvernforbundet.no - Naturvernforbundet i Eid (Stad kommune) eid@naturvernforbundet.no
- Naturvernforbundet i Indre Sogn: indresogn@naturvernforbundet.no
- Naturvernforbundet i Bremanger:
bremanger@naturvernforbundet.no
Ta kontakt om du vil engasjere deg eller lurer på kva det vil seie å vere med i eit lokallag!
Engasjer deg i ei natursak
Dersom det foregår utbygging eller anna aktivitet som trugar natur i ditt område kan du bruke naturvernforbundet som ei plattform til å organisere engasjement kring saka. Døme på slike saker kan vere gruvedrift, kraftutbygging, hyttebygging, gondolar eller liknande. Ta kontakt med lokallaget i ditt område, eller med fylkeslaget i Sogn og Fjordane for ein prat om korleis me kan bistå.


Arrangement
Om du har ein idé til eit arrangement du vil halde, kan du kontakte lokallaget ditt (eller fylkeslaget om det ikkje er lokallag i ditt område) og høyre om du kan arrangere på vegne av Naturvernforbundet. Dette kan vere klesbyttedagar, føredrag, filmvisningar, bålturar, strandrydding, fjordbading med meir. Så lenge arrangementet er i tråd med Naturvernforbundet sitt arbeid er det berre fantasien som set begrensingar!
Det finst også støtteordningar der lokallaga kan søke finansiering til arrangementkostnader. Kor mykje de får dekka varierer etter type arrangement.
Engasjer deg i eit tema
Har du ein interesse eller er god på noko spesifikt? Naturvernforbundet driv med mykje variert arbeid, der ein bidrar til lokalt engasjement. Kan du f.eks. snekre fuglekasser eller er du spesielt opptatt av sy og reperasjon av tekstil? Kan du formidle om artar ?
Vi ønsker å samle folk rundt glede av å ta vare på det ein har, sette pris på naturen og få til små klubbar som arbeider spesifikt med noko årleg, månadleg eller ein gang i året. Kor mykje du vil bidra blir opp til deg.
Allette AlværvikTema forslag:
Tema liste med idear for kva ein kan finne på lokalt:
- Ta vare på det du har! – Sy og reperasjon av tekstil
- Naturvandring/utforsking
- Filosofisk vandring i skog
- Artsregistreringsturar
- Bruktmarked
- Klesbyttemarked
- Nabolagsmarked
- Rydde dugnad (marin forsøpling, strandrydding, vårryddedagen)
- Snekring eller reparasjon
- Sykkelfiksing
- Fugle- eller flaggermuskasse
- Pollinator hotell
- Gjenbruk på smarte måtar
- Blomstereng – hjelp de ville pollinatorene
- Slåttekurs
- Fremmede artar (fjerning)
- Fjorddumping (bli med i Leve Førdefjordgruppa som arbeider mot dumping i Førdefjorden)
- Skribent for naturen
- Skriv ei nettsak for nettsida vår! Skriv om saka di og få det spreidd på nettet!
- Vi har og ein moglegheit for å få saka til eit av Naturvernforbundet sine magasin (Natur & Miljø, eller lokale NaturVest)
Ta kontakt om du kan tenke deg å jobbe for eit tema, eller om du ynskjer å finne likesinna som arbeider for det. Ofte kan det hende ein berre må opprette tilbodet, før det kjem andre som og vil bidra.
Terje Valen HoihjelleBli medlem!
Des fleire medlemmar me har, des sterkare står me i saker for å verne naturen. Dersom du ynskjer å støtte oss utan å ta ei aktiv rolle i arbeidet kan du melde deg inn som medlem, og anbefale alle du kjenner om å gjere det same. Som støttemedlem bidreg du til å finansiere drifta i ditt lokallag eller fylkeslag! Og det gjer at me kan fortsette arbeidet for naturen, i tillegg til at me er synlege i medlemstalla og gir beskjed om: «folk bryr seg om naturen!»
Meld din interesse som frivillig
i området til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane