Repparfjord og verdien av tapte økosystemtenester

Nylig kom ei offentleg utgreiing om verdien av økosystemtjenester (NOU 2013:10 Naturens goder) I denne utgreiing har ein blant anna sett på Nussir si planlagte koppargruve i Repparfjord og viser til at det er store samfunnsmessige kostnader ved den planlagde gruva som hittil ikkje har vore med i reknestykket.

Verdien på natur

Kva er verdien på ein velfungerande natur og dei tenestene som naturen gir oss? Dette er til dømes verdien av mat (også sjømat og reinbeite), fiber, brensel, men også fellesgode som reint drikkevatn, pollinering, og rekreasjonsverdiar etc. Fellesgode har som regel ikkje ein marknadspris, sjølv om dei har stor verdi for samfunnet. Korleis ein skal setja verdi på økosystemtenester og ta dette inn i samband med naturinngrep, var formålet med arbeidet til eit offentleg utval som nyleg har kome med ei offentleg utgreiing (NOU 2013:10 Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester). Dette er Noregs oppfølging av FN-konvensjonen om biologisk mangfold (CBD), som seier at i 2020 skal verdien av tapte økosystemtenester vera med ved planlegging og vedtak av inngrep i naturen.

Nussir

Som ein del av arbeidet med økosystemtenester fekk utvalet laga ei vurdering rundt den planlagde Nussir-gruva, der dei såg på tre alternativ, sjødeponi, landdeponi og 0-alternativet (inga gruve).

Diverre tok dei ikkje med eit fjerde alternativ i utgreiinga, ei organisering av gruvedrifta utan sjødeponi, men med alternativ bruk av overskotsmassar og tilbakefylling av massar i gruva, slik at behovet for landdeponi blir vesentleg redusert, eller heilt borte.

Eit lite utdrag frå utgreiinga:

Anslag på skadekostnader (berre helsekostnader) ved utslepp av avgangsmasse til Repparfjord. Beste anslag og usikkerheit i 2010-kroner:

Utgreiinga seier at desse årlege skadekostnadene på 46 millionar (kan vera så høgt som 185 mill i året) ved utsleppa til Repparfjord sannsynlegvis er for låge, då ikkje alle helseeffektar og ingen økosystemeffektar er med. Skadekostnadene på 46 mill/år kjem i tillegg til det som er teke med i konsekvensutgreiingane til Nussir.

Utgreiinga går vidare gjennom fleire negative verknader ved sjødeponiet, og i tillegg verknadene for reindrifta, som er størst ved landdeponi. Det er vanskeleg å setja konkrete verdiar på dette, og dei har ein vag konklusjon:

«Verdiene som kan skapes ved kobberutvinningen tyder på at det er rom for økonomisk kompensasjon ved eventuelt tapte inntekter i berørte næringer som reindrift og fiskeri. Videre er det et spørsmål om de gjenværende negative virkningene ved alternativ 1 (sjødeponi) er så store i forhold til gjenværende negative virkninger ved alternativ 2 (landdeponi) at bedriften bør pålegges å bygge et landdeponi, evt. at prosjektet ikke realiseres (Alternativ 0).

En potensiell strategi er å vente med avgjørelsen til en har mer informasjon om skadevirkningene. I dette tilfelle kan en antakelig få mer informasjon ved ytterligere modellering av spredningen av avgangsmassene i et sjødeponi, og evt. også innhente mer kunnskap om skadevirkningene.»

Oppsummering

Utgreiinga peiker på at det er ei rekke økosystemkostnader som ikkje har vore med i konsekvensutgreiingane, og at slike kostnader kjem i tillegg til det vi har kjent til så langt. Mange/ dei fleste av desse kostnadene har denne utgreiinga ikkje vurdert i form av kroner og øre, ettersom det foreløpig ikkje finst gode metodar for det. Konklusjonen deira er likevel at sjølv om gruvedrifta kan gje vesentleg økonomisk kompensasjon til reindrift, fiskeri, lakesfiske m.m., så stiller dei det ope om dette er tilstrekkeleg til at ein bør tillate gruva, eller om ein bør påleggja gruva å bruke landdeponi. Dei antyder at ein eventuelt bør vente med å ta avgjerd, for å vurdere skadeverknadene betre og få meir kunnskap om spreiing av avgangsmassane i fjorden.

Det vi kan seia i tillegg, er at det ikkje er mogleg (og heller ikkje ønskeleg?) å setja verdi i kroner og øre på ein vel fungerande natur i seg sjølv. Det er tapet av natur som skal bli vurdert i høve til naturmangfaldlova, men slike utgreiingar kan likevel hjelpe til å få fram kostnader som vi hittil ikkje har sett i samband med konsekvensutgreiingar for naturinngrep.

(Samanfatting ved Mads Løkeland, Naturvernforbundet sitt gruveutval)