07.sep 2024

Lag ein blomeng!

Hva: Foredrag
Når: 07.sep, kl. 13:30 – 15:00
Hvor: Folgefonnsenteret Skålafjæro 17
5470 Rosendal

Naturvernforbundet i Kvinnherad inviterer til føredrag om det å lage blomeeng, om bier og om slåttemark.

Foredrag og frøsanking

Mange ønskjer å lage blomeeng i hagen for å bidra til mangfald og skaffe mat til insekta. Blomane i kulturmarkene har ei lang historie i samliv med menneske og dyr, men no treng dei hjelp frå oss. Me inviterer difor til føredrag om kulturlandskapet og korleis ein kan hjelpe insekt i eigen hage. Jeanette Tennebekk frå Naturvernforbundet Hordaland fortel om slåttenger og gir deg tips til korleis du kan sanke frø og lage di eiga blomeeng med ville markblomar.

Etter føredraget går me ein tur ut og får ei innføring til frøsanking og får teste ut korleis ein kan bruke artsobservasjonar for mobil for å gjenkjenne dei ville blomane.

Jeanette er utdanna biolog og prosjektansvarleg for skuleprosjektet Oppdrag blomstereng i Naturvernforbundet Hordaland.

Arrangementet er ope for alle.