30.okt 2024

Ope møte om fjorden og oppdrett

Hva: Møte
Når: 30.okt, kl. 18:00
Hvor: Hardanger fartøyvernsenter, Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Ope møte med informasjon og diskusjon om Hardangerfjorden.

Lingalaks og Naturvernforbundet Hardanger inviterer til
informasjon og diskusjon om Hardangerfjorden onsdag 30.10 kl 18.00 på Hardanger fartøyvernsenter.

Det er to «motpolar» som går saman om å skipa til eit møte
for ålmenta.

Naturvernforbundet har lenge etterlyst meir informasjon frå
Lingalaks om framtidsretta oppdrett.

Først tenkte me at eit internt møte med Lingalaks ville vere bra, men etter litt diskusjon, fann me ut at det kunne vere betre å få med fleire som er interessert i fjorden.

Klaus Rasmussen, leiar i Naturvernforbundet Hardanger

Fjorden er det viktigaste landskapet i Hardanger og ein uadskilleleg del av vår identitet. No ser me for mange teikn på at fjorden ikkje er like rein som den burde. Kva har skjedd? På møtet vil me undersøkja den seinaste utviklinga av fjorden; korleis me endrar livet i fjorden, dersom me over-gjødsler med næringsstoff.

I dag er det kommunegrensene som delar fjorden. Me vil diskutere ein meir regional forvaltning av fjorden og strandsona i Hardanger, slik at det i framtida er eit betre samarbeide rundt fjorden om areal og industriutvikling.

Lingalaks vil fortelje om sitt nye EU finansierte forskingsprosjekt i lag med Norce og om Stadionprosjektet som er eit lukka anlegg for oppdrett.

Me satsar stort på framtida i Hardanger og vil ligge i framkant med den teknologiske utviklinga.

Erlend Haugarvoll som er hovudeigar i Lingalaks

Havforskningsinstituttet, Mattilsynet og Statsforvaltaren vil også ha innlegg.

Det vert tid for diskusjonar og litt servering.

Ta gjerne kontakt

Klaus Rasmussen
4566 7708
klaus.tptg@gmail.com

Erlend Haugarvoll
9266 6561
erlend@lingalaks.no