Eit villare Voss

Eit prosjekt der me samarbeider om å fjerne uønskte framande artar og etablere artsrike blomsterenger.

Prosjektet Eit villare Voss er eit formelt samarbeid mellom Voss Naturvernlag, Voss vidaregåande skule, Voss gymnas og Voss herad, der me saman jobbar i lag for å gjere Voss litt villare.

Det gjer me gjennom følgjande tiltak: 

  • Fjerning av uønska framande artar.
  • Etablering av blomeeng.
  • Undervisning om naturrestaurering og framande artar.
Eit villare Voss -

I arbeidet med å etablere blomeeng reiser me ut til lokale slåttemarker og artsrike blomeenger, mellom anna på Gjerdåker, der me leikar oss i naturen for å få tak i lokale frø. 

Elevane lærer om tradisjonell slåttemetode ved bruk av ljå og får prøve dette. Høyet tek me med oss til engområdet. Ved artskartlegging i 2025 fann elevane 22 ulike blomeartar. 

Etablering av blomeeng ved Voss kulturhus skjer gjennom fire ulike metodar ved bruk av lokale frø:

  • Høymetoden (med høy på Gjerdåker som me legg utover endområder slik at frøa kan drysse ned).
  • Transplantering av jordflekkar (for å få med viktige jordorganismer, beitemarkssopp og røter frå fleirårige artar).
  • Planting av pluggplantar frå lokalt gartneri
  • Såing av frø frå Nibio (lokale frø frå Indre Vestland).
Eit villare Voss -
Eit villare Voss -

Prosjektet vil og bidra med spennande elevforsking i framtida. Det er nemlig ikkje mykje erfaring i forskingsmiljøa med å etablere eng i eit flaumutsett område, og me vil dei komande åra sjå kva metodar som fungerer og ikkje.

Me har sanka frø for ettersåing til våren, og vil frå og med 2026 jobba med etablering av eng på våren. Etter at enga er etablert trur me at forholda for villblomar i engområdet er gode ut i frå korleis dei trivst i nærliggande økosystem som på Grandane og ved Voss vandrarheim. Naturen er finurleg og vakker – tida vil vise om vald lokasjon er egna. 

Les meir

Prosjektet er eit av tiltaka i handlingsplanen til Voss herad sin naturmangfaldsplan, vedteken av heradstyre februar 2025. 

Metodane for etablering av blomeeng er valgt på bakgrunn av oppgåva «Eit villare Voss» i faget Restaureringsøkologi ved NMBU i 2024.

Kontakt

Prosjektleiar Benedicte Watvedt Skaug, styremedlem i Voss Naturvernlag.
Epost: benedicte@naturverkstaden.eco
Telefon: 41602736. 

Vil du eller din bedrift støtte Voss naturvernlag sitt prosjekt «Eit villare Voss?» Vipps valfritt beløp til #519726

Takk for støtten!

Prosjektet gjennomførast i samarbeid med skolene og Voss herad, og støtta av Sparebankstiftinga Hardanger, Voss sparebank og Naturvernforbundet:

voss herad logo
Voss sparebank logo