Eidfjord Resort – ein gigantisk naturkostnad

Planane om Eidfjord Resort trugar Hardangervidda og Noregs største villreinstamme.

Illustrasjon av en villrein med stort gevir som ser mot oss. Gondolbanen i Odda vil forstyrre den.

Frå Hardangervidda sitt randbelte i Sysendalen ser vi no eit spel om rekonstruksjon og kreditorvilje for det konkurstrua selskapet Eidfjord Resort Holding (Hardanger Folkeblad 17.09.2025)1. Bak tala, ligg den verkelege kostnaden: naturen og villreinen som bur der. I eit vedtak mot faglege råd i april 2019 godkjende Kommunal- og moderniseringsdepartementet nye område for alpinanlegg og fritid/turisme i kommunedelplanen for Sysendalen – trass i motsegner frå Statsforvaltaren og mot faglege råd om villrein og naturmangfald2.

Statsråd Monica Mæland signerte vedtaket som gav grønt lys for eit anlegg med 22 løyper og ein fjellandsby med 4500 senger.

Barriere, ikkje berekraft

Det faglege grunnlaget var skralt. Kommunen la stor vekt på eit notat frå Norconsult som hevda at Drøllstølgjelet fungerer som barriere, slik at villreinen sjeldan nyttar areala nord for gjelet3. Seinare vurderte Rådgivande Biologer at dette ikkje var ei lovpålagd konsekvensutgreiing etter forskrifta, men ei enklare vurdering4.

Likevel vart notatet sentralt for både kommunestyret og departementet. Hardangervidda – nasjonalt ansvar Hardangervidda huser Noregs største villreinstamme. Den regionale planen for Hardangervidda (2019–2035) seier tydeleg at randsonene må ha ro, samanheng og fungerande trekkruter5.Alpinanlegg, lys, trafikk og hyttefelt gjev det motsette: permanente barrierar og meir menneskeleg aktivitet heile året. Villreinen unngår område med støy og ferdsel – og kan følgjeleg bli utestengt frå viktige beiteområde. Utbyggingar og forstyrringar et opp areal. Samstundes aukar ferdselen inn i villreinen sine kjerneområde dramatisk.

Samtidig investerer departementet, statsforvalteren i fire fylke, forskingsmiljø og frivillige store ressursar i å utarbeide tiltaksplanar for Hardangervidda, som nettopp skal sikre villreinen sitt leveområde. Eit arbeid som Eidfjord Resort står i direkte motsetnad til.

Klimarisiko og framtidige inngrep

Eidfjord Resort baserer seg på ein lang vintersesong. Klimaframskrivingar mot 2100 viser færre snødøgn, meir regn og lågare snøgrense6. Det betyr fleire snøkanonar, meir vassuttak og energibruk – nye naturinngrep på toppen av dei som allereie ligg i planane. Rekonstruksjon endrar ikkje naturrekneskapen.

Rekonstruktør Gunnar A. Haahjem håpar å få på plass ein avtale med kreditorane «innan eit par veker» for å hindre konkurs7. Men sjølv om gjelda blir løyst, står naturkostnaden fast. Auka trafikk langs Rv7, lys og støy vil framleis bryte opp eit av landets viktigaste leveområde for villrein. Ein rekonstruksjon av kapital no gir ein gigantisk naturkostnad seinare. Eidfjord Resort er eit val mellom villrein og varig natur, eller kortsiktig vintersport.

Eidfjord Resort er ikkje berre eit lokalt næringsprosjekt. Det er eit nasjonalt verdival: Skal vi ofre villreinens rike for eit skianlegg som klimaautviklinga sjølv gjer kortvarig? Svaret er klart. Finansinstitusjonar som støttar prosjektet tek ikkje berre økonomisk risiko, dei tek side mot villreinen.

Politikarar, investorar og departement må våge å setje natur og nasjonalt ansvar først – og la Hardangervidda få ro.

Kjelder

1. Eidfjord Resort-rekonstruktør: – Først var det liten vilje, men no har det losna (Hardanger Folkeblad, 17.09.2025).

2. Kommunal- og moderniseringsdepartementet: Vedtak – Kommunedelplan Sysendalen (Signert Monica Mæland, 09.04.2019).

3. Kommunedelplan Sysendalen – Eidfjord kommune (2018).

4. Eidfjord Resort, Eidfjord kommune. Konsekvensutredning for naturmangfold (Rådgivende Biologer, 2020).

5. Regional plan for Hardangervidda 2019–2035 (Vestland/Viken/Telemark fylke, 2019).

6. Naturvernforbundet i Hardanger: Klima og kunstsnø – utfordringar for Sysendalen/Eidfjord Resort (2023).