Årsmelding for Naturvernforbundet i Hardanger
Årsmøtet haldast onsdag 11.mars 2026 kl 18.00, i Jondal/Blåhuset. Les årsmeldinga her:
Tore BergumÅrsmelding for 2025 – Naturvernforbundet Hardanger
Dette er den tredje årsmeldinga til det «nye» lokallaget i Hardanger. Lokallaget har 273 medlemar frå Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord.
Årsmøtet i 2025 vart halde I Ulvik. Etter årsmøtet hadde me eit ope møte om risikoen ved oppdrett i indre Hardanger. Sveinung Klyve frå Vassregion vest, ordførar i Eidfjord Timo Knoch og Klaus Rasmussen i Naturvernforbundet hadde innlegg. Ca 30 oppmøte og 3 ordførarar frå
Hardanger. Stort engasjement og gode diskusjonar. Årsmøtet vedtok ein uttale som oppfordrar Hardanger kommunane til eit interkommunalt
samarbeide: Det hastar å få på plass ein felles plan for Hardangerfjorden.
Årsmøtet valde slikt styre for 2025:
● Klaus Rasmussen, Kvam (Øystese): Attval som styremedlem for 2 år og leiar for 1 år.
● Bård Kråkevik, Ullensvang (Jondal): Styremedlem, attval for 2 år.
● Arjo Kvamme, Ullensvang (Lofthus): Styremedlem, attval for 2 år.
● Christen Winterthun, Ullensvang (Odda): Styremedlem, på val i 2026.
● Oddvar Soldal, Kvam (Øystese): Styremedlem, på val i 2026.
● Vigdis Nielsen, Ulvik: Styremedlem, på val i 2026.
● Lisa Karine Haugland, Ullensvang (Lofthus): Styremedlem, ny for 2 år.
● Leona Wunderlich, Ullensvang (Odda): 1. vara, 1 år.
● Geir Flatabø, Ulvik/Voss 2. vara, 1 år.
● Tore Bergum, Ullensvang (Grimo): 3. vara og økonomiansvarleg, 1 år.
Valnemnd i 2025:
Lars Helge Ljone, Ulvik / Elin Lervik, Odda / Håvard Gjerde, Norheimsund
Organisatorisk arbeid i 2025:
o I året hadde me to styremøte
o Fylkessamling i Jondal 25 – 28. april
o Skogseminar i Bergen
o Skogseminar i Uvdal i Buskerud
Sakene me har jobba med i 2025:
*Tryglavik. Ullensvang kommune sine planar for stort biogass anlegg i Tryglavik nær Jondal fekk sterk politisk motstand i kommunestyret i mai. Stort politisk press mot planane gjorde at saka vart stemt ned med 18 stemmar mot og 13 for. Biogass draumen er pulverisert og kontrakten med utbyggar er annullert, men området ved Tryglavik ligg fortsett i kommunen sine forslag til næringsareal i den kommande kommuneplan. Ullensvang skal presentere den nye kommuneplanen før sommaren. Naturvernforbundet vil uansett jobbe i mot industri i Tryglavik. Tryglavik og
Jonanes bør innlemmast i barskog-reservatet ved Gullbergnoten.
* Langedalen i Ullensvang kommune. Naturvernforbundet påpeikte ulovleg vegbygging. Kommunen hadde synfaring i haust med tiltakshaver utan å publisere referatet. Me har purre to gongar i 2025 og venter på svar.
* Oppdrett. Eide marin og Lingalaks har store planar på den gamle ferjekaien i Bruravik. Ulvik kommune har lagt til rette for aktørane. Oppdrett i Indre Hardanger er ein risikosport! Helsetilstanden i den indre fjorden er i dag definert som dårleg og meir oppdrett vil berre forverre tilstanden. Prosjektet vart lansert som «lukka anlegg» men ved nærare lesing og gransking forstår me at næringutsleppet er betydeleg. Båe Voss og Eidfjord kommunestyre gjekk sterkt imot planane. Statsforvaltaren er også negativ. Saka er under handsaming.
* Villrein. I 2024 vart eit stort arbeid for å berge villreinen på Hardangervidda satt i gong. Tiltaksplanen for prosjektet vart presentert i 2025 og lagt på høyring. Naturvernforbundet Hardanger skreiv ein fellesuttale med fleire lokallag rundt Hardangervidda. Tiltaksplanen og prosessen har fått betydeleg kritikk og satt i gong eit stort offentleg ordskifte.
* Styret har skrevet uttale til diverse kommunale planar eller prosjekter:
Kvamskogtunellen fv 7 i Kvam
Revisjon av Tyssovassdraget i Ullensvang
Arealdelen til kommuneplanen i Eidfjord kommune
Cruiseskipshamn i Øystese i Kvam
Frisbeebane i Tolomarka i Norheimsund og Kvam
Landbruksveg i Botnen i Kvam
Me har deltatt i fleire videokonferanser og opne møtar. Hatt foredrag for Ullensvang og Ulvik heradsstyre om utfordringane rundt oppdrett i indre Hardanger Styret har bidratt med diverse lesarbrev til lokalvisene.